Søk i arkivet

Satsar vidare med YoungFish

Young Fish logoSalmon Group flaggSalmon Group har forlenga avtalen med ungdomsorganisasjonen YoungFish. –Vi er imponerte over det ungdomane har fått til på kort tid, seier informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås.

YoungFish vart lansert i Bergen i februar 2014, og har sidan stått for ei rekke arrangement retta mot unge i næringa, og studentar på veg inn i næringa. Tidlegare i år vart der etablert lokallag for Nord-Noreg.

Carl-Johan Arnesen Sandberg har site i styret i organisasjonen sidan stiftinga, og syner stor takksemd for at nettverket for lokaleigde oppdrettarar har støtta opp om drifta sidan dag 1.

-Vi er takknemlege for at Salmon Group har støtta oss med so stor tillit frå byrjinga av, seier han.

YoungFishOrganisasjonen kom til etter modell av shippingnettverket YoungShip. Det var to tilsette i Lerøy-konsernet, Jonas Langeteig og Erlend Vassbotten, som fyst fekk ideen om eit eige forum for unge i næringa. No har YoungFish synt seg kapable til å arrangere mange typar arrangement, frå konferansar til reint sosiale samankomstar.

-Vi trur oppslutninga om YoungFish er den ideelle måten å jobbe mot unge i bransjen på, seier Øyvind Kråkås. YoungFish er aktivitet på ungdomen sin eigne premissar. Vi vil berre oppmode flest mogleg til å engasjere seg direkte i organisasjonen, slik at alle ledd i næringa blir representerte.