Søk i arkivet

Salmon Blog: Sentrum mot periferi i havbruket

TSICGjennom det oppsiktsvekkande samarbeidet The Seafood Innovation Cluster, er Salmon Group med og lyftar fram Bergen si rolle som eit senter for marin næring og forsking. Samstundes framhevar vi havbruk som distrikta si viktige vekstnæring. Er dette ei sjølvmotseiing?

Dynamikken mellom sentrum og periferi eksisterer i alle delar av samfunnet, og heilt ned på kommunenivå. Ein kan sjå det som eit styrkeforhold, der sentrum dominerer, men ein bør og sjå det som eit samspel, der ein gjensidig yter tenester til kvarandre.

Sentrum er samlingspunktet. Her har ein tilgang på felles tenester som periferien treng å dele på. Bergen yter forsking, forvaltning og kontortenester til samfunna rundt seg. Ein byr og på sterke media som kan formidle informasjon frå regionen, ut i verda og inn mot nasjonen sitt sentrum.

Havbruket sin biologiske produksjon føregår i distrikta. Først og fremst som ein konsekvens av arealtrongen. Ein treng lokalitetar på sjø og land, med tilgang på friskt hav og ferskvatn. Dernest er der og ein kultur for havbruk i distrikta, ein opparbeidd kompetanse og tradisjon for denne typen arbeid. Unge kan tidleg bli fortrulege med å jobbe med fisk, og det å ha ein arbeidsdag på sjøen.

Som andre næringar i distrikta, møter havbruket utfordringar med å rekruttere ungdom som arbeidskraft. Det er altså ikkje slik at ungdom som buset seg i byar, kategorisk ikkje vil jobbe med fisk. Nærleiken til næraste by har mykje å seie for søkartala til ledige stillingar på oppdrettsanlegg. Ein kan difor ikkje skilje havbruksnæringa sine rekrutterings-utfordringar frå den generelle distriktsproblematikken.

Byen kan ikkje oppheve den tyngdekrafta han har i høve til ungdom. Unge vil kome til byen for å utdanne seg, og mange vil ynskje å busetje seg der permanent. Men gjennom samarbeid som sjømatklynga i Bergen, kan ein gje utdanna og interessert ungdom høve til å kome seg ut i periferien og oppleve aktiviteten som føregår der. Vikarjobbar og traineestillingar kan legge til rette for ei utveksling mellom sentrum og omlandet.

Sentralisering er ein makroktrend. Over heile verda ser ein flytting frå periferi til sentrum. Dette har ulike årsaker, alt etter kva som er situasjonen i landet. I Noreg er sentraliseringa nært knytt til at dei fleste no tek vidaregåande eller høgare utdanning, og ei flytting av arbeidsplassar frå primærnæring og industri, over til andre bransjar med meir urban tilknyting.

Min påstand er likevel at sentrum toler berre ei viss nedbygging av periferien, før det blir ei utfordring for velstanden. Forskarar, forvaltning, hovudkontor og andre tenesteytarar er avhengige av at produksjonen går sin gang ute i distrikta. Når ein no har samla seg om The Seafood Innovation Cluster, må ein dermed og ta stilling til sentrum sitt ansvar for å løfte periferien.

Bedriftene som er store arbeidsgjevarar i dei mange små kommunane, må spele ei aktiv rolle i desse samfunna. Dei treng den infrastrukturen og dei tenestene som står på spel i mange av desse samfunna. Dei treng at bygdene fungerer og fornyar seg. Dette kan dei bidra med gjennom investeringar, og ved å setje krav politisk.

Salmon Group sin modell går ut på å delta gjennom lokale entreprenørar og eldsjeler. Det lokale initiativet og engasjementet må vere gneisten. Så kan vi vere med og føre gass til flammen. Sentrum kan ikkje ordne opp for periferien frå eit kontor ved Byfjorden. Det er lokal innsatsvilje, felles engasjement og gjensidig respekt som må til.

Les meir om The Seafood Innovation Cluster

Tekst: Øyvind Kråkås