Søk i arkivet

-Ingen rom for slurv i internkontrollen

Arild Hagenes-Alle selskap som driv fiskeoppdrett i Noreg møter dei same lovfesta krava til kontroll på fisk og anlegg. Selskapa i Salmon Group er små aktørar, men vi har like gode rutinar som kven som helst for å unngå røming av fisk, seier Arild Hagenes, Internkontroll-ansvarleg i nettverket.

Arild Hagenes er utdanna høgskulekandidat i akvakultur, og har jobba i næringa sidan 1982. Han har vore på merdkanten, jobba på setjefiskanlegg, stamfiskanlegg og i fôrindustrien. Han har vore tilsett i Salmon Group sidan 2009, då han gjekk inn i ei nyoppretta stilling som koordinator for sikkeheits- og kvalitetsarbeid i nettverket.

-Rømmingstilfelle må handsamast som enkelthendingar, der vil alltid kunne skje feil i samspelet mellom menneske, utstyr og natur. Med stadig fleire handteringar av fisk og nøter, som fylgje av arbeidet mot lus, aukar sjansen for at uhell vil skje. Dette stiller ekstra store krav til alle tilsette i næringa. Men vi jobbar heile tida med å bli betre. Og statistikken syner at små aktørar er like gode som store på å unngå rømming, seier Hagenes.

Salmon Group har eit eige kvalitetssystem som dei tilsette på anlegga nyttar kvar dag. Nettverket held og kurs i slikt arbeid, der dei offentlege instansane stiller opp og oppdaterer aktørane på dei krava som gjeld.

-Der er ingen rom i dag for å hoppe bukk over dette arbeidet. Og med dei verdiane som sym rundt i merdane, er det i alle si fremste interesse å halde orden, seier Hagenes. Han bekreftar og at ved mistanke om hendingar, til dømes ved at rømt fisk dukkar opp i nærleiken av anlegg, vert prosedyrar straks sette i gang for å gå over alle nøter og utstyr.

-Det skulle vere unødvendig å fortelje at visjonen er null for røming av fisk, kvar fisk på avvegar er eit tap for eigaren, seier Hagenes.

Jan-Erik og ArildOgså på FoU-sida jobbar Salmon Group for å redusere rømingsrisikoen. Metodar som reinsefisk og laser kan bli løysingar som reduserer bruken av kjemisk avlusing, og dermed handteringa av nøter. Også lukka anlegg vert prøvde ut i nettverket.

Tekst: Øyvind Kråkås