Søk i arkivet

Fekk konsesjon til å oppdrette rognkjeks

RognkjeksSelskapet Vest Aqua Base AS har fått konsesjon til å oppdrette rognkjeks på Årskog Industriområde i Fitjar kommune.

Vest Aqua Base skal oppdrette rognkjeks til bruk som reinsefisk mot lakselus. Rognkjeksen beitar lus heile året, og er difor eit biologisk alternativ til kjemisk lusebehandling, og eit skånsomt alternativ til metodar som krev handtering av fisken.

-Vi har møtt mykje positiv respons frå nærmiljøet, fylkeskommunen og Mattilsynet på dette tiltaket, seier dagleg leiar ved Vest Aqua Base, Nils Bjarte Sætrevik. Han tek sikte på å produsere 2,5 millionar rognkjeks i året, og reknar med å sysselsetje 6-8 personar.

Eigarane av den nye rognkjeksprodusenten er Engesund Fiskeoppdrett AS, Eide Fjordbruk AS, Austevoll Melaks AS, Langøylaks AS, Troland Lakseoppdrett AS, Tombre Fiskeanlegg og Knut Forland Invest AS (eigarane av Telavåg Fiskeoppdrett AS) og eigarane av Vest Elektro Maritime AS, gjennom eigedomsselskapet VEM Eiendom AS. Aksjekapitalen i selskapet er 6,5 millionar kroner.

 

Vest Aqua BaseProduksjonshallen har eit areal på 1200 m2 (20m*60m).

Tekst: Øyvind Kråkås