Søk i arkivet

13 av 17 eigarar bur i bygda

Nordfjord LaksSelskapa Nordfjordlaks, Hyen fisk og Sande Settefisk har alle forretningsadresse i Hyen. 13 av 17 eigarar i selskapa bur i Hyen, 2 har nær familietilknyting og dei 2 siste bur i same kommune.

I fjor omsette dei tre selskapa for nesten 100 millionar kroner.

-Vi er små i ein stor marknad, og viss selskapa ikkje hadde vore lokalt eigde, er det ikkje sikkert dei hadde vore i dette området. Det er viktig at dei som sit med det avgjerande ordet har lokalt tilhøyrsle, seier Kurt Djupvik til avisa Firda. Han er styreleiar i Hyen fisk og Sande Settefisk og styremedlem i Nordfjord Laks.

Kurt Djupvik-Vi har lagt vekk på å drive forsiktig og let overskotet styrkje selskapa for at dei skal ha ryggrad til å møte også vanskelege tider, seier Djupvik.

For SG: Øyvind Kråkås

Foto: Avisa Firda