Søk i arkivet

Presenterer nytt IT-system på årsmøtet

SolveigSalmon Group har fått gjort ei grundig utbetring av internkontrollsystemet Dagen Din, og  vil presentere dette på årsmøtet på Solstrand Hotel.

 

Det er selskapet Pixelwerk i Florø som har utvikla programvaren til eit nytt nivå. Frå før har Pixelwerk utvikla ein app til mobil/nettbrett som tilsette på lakseanlegga brukar til å rapportere inn avvik i produksjonen.

– Den vil fungere saumlaust med det nye dataprogrammet, som også kan brukast via smartphone og nettbrett, forklarer programmerer Tom Henrik Aadland til avisa Firdaposten.

Pixelwerk skal drifte det nye sky-baserte systemet 24/7 og levere support-tenester.

Dagleg leiar i Pixelwerk Nicolas Iannone er trygg på at skal gå greitt:

– Det blir mest support til brukarane i starten. Så vil det gå lettare, sidan det skal vere intuitivt lett å bruke. Vi har sett på brukargrensesnitt og fargeval på mykje brukte tenester som Facebook og Instagram for å gjere det lett for brukarane å kjenne att korleis det er bygd opp.

For ein del år tilbake bestod internkontrollsystema av ringpermar med prosedyrar, datablad for til dømes kjemiske stoff og ei mengd ulike rapportar til ulike offentlege instansar. Sidan utfordringane er like innanfor same type bedrifter, har ein no lage eit felles datasystem for alle i Salmon Group. Det er no lagt på internett og tilgjengeleg for alle.

– Berre dei fire siste åra har vi hatt over 60 forskriftsendringar som krev endringar i internkontrollsystema. Stadig nye krav frå instansar som Mattilsyn, Arbeidstilsyn, Fiskeridirektorat og Fylkesmannen gjer at det er ein stor jobb å oppdatere desse systema. Dette nye systemet vil gjere arbeidskvardagen ute på anlegga mykje lettare, seier Solveig Willis, kvalitetsleiar i Salmon Group.

Les mediesak her