Søk i arkivet

Norsk-islandsk ministerbesøk hos Blom

Norsk-IslandskNorske og islandske fiskeristyresmakter hadde felles fagdagar i Bergen denne veka, og måndag la delegasjonen turen til Blom Fiskeoppdrett sine anlegg i Øygarden og på Askøy.

Dagleg leiar Øyvind Blom tok i mot gjestane ved Kysmuseet i Ovågen. Blom Fiskeoppdrett har samarbeid med museet om selskapet sin visningskonsesjon. Denne sommaren opnar Kystmuseet ei ny utstilling om fiskeoppdrett, og Blom Fiskeoppdrett har fått laga ein ny presentasjonsfilm av familiebedrifta som Andreas Blom grunnla i 1971.Selskapet sin nye arbeidsbåt er oppattkalla etter grunnleggjaren, og med full flaggføring tok “Andreas” delegasjonen med seg ut til visningsanlegget Øygarden Visningssenter, som ligg rett ved Kystmuseet.

Norsk-Islandsk3Ved visningsanlegget fekk gjestane sjå moderne aureproduksjon, samt smake på grilla og røykt aure. Dei fekk og høyre den gledelege historia om Blom Fiskeoppdrett sitt utprøvingsarbeid med avlusingsteknologien ThermoLicer. Dei nyaste resultata med denne avlusinga basert på lunka vatn, syner svært lovande resultat. Fisken vert skånsomt og effektivt behandla mot lus, og tek seg raskt inn att når han kjem tilbake i sjøen. Dette kan syne seg å bli ein av dei viktige avløysarane for kjemisk og medikamentell lusebehandling.

Attende på Kystmuseet fekk dei tilreisande eit innblikk i tidlegare tiders kystliv. Filmskapar Ole Geir Herland har bistått museet med nokre korte dokumentarfilmar om livet i Øygarden i generasjonane før oss, då ein familie med 13 born gjerne livnærte seg på fiske og jordbruk, og folk oppsøkte skipparen på bybåten for å få stilt klokka si rett. Sekvensen på museet vart avslutta med lunsj, i form av fiskesuppe.

På ettermiddag gjekk reisa vidare til Blom Fiskeoppdrett sitt setjefiskanlegg på Askøy, Strømsnes Akvakultur AS. Her fekk ein innsyn i moderne smoltproduksjon på eit anlegg som er under utviding.

Les og:

Historia og framtida hand i hand

Tekst: Øyvind Kråkås