Søk i arkivet

Vil ha kortare produksjonstid for å minske rømingsfare

Svein Eivind Gilje kjøper leppefisk lokalt– Frå neste utsett vil vi korte ned perioden fisken står i open sjø betydeleg, seier dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett AS, Svein Eivind Gilje til bransjenettstaden iLaks. Då vil all vår fisk bli produsert som postsmolt på land til den er rundt 250 gram. Dette gler vi oss til, og vi ser på dette som et godt tiltak mot lakselus og røming.

Engesund Fiskeoppdrett AS var eit av selskapa som hadde rømingsuhell som fylgje av uværet “Nina”. Truleg var det drivgods som forårsaka hol i not og røming av 11 000 laks ved eit av selskapet sine anlegg. Engesund Fiskeoppdrett har felles gjenfangstmottak med Eide Fjordbruk AS, og betalar 200 kroner pr. fisk.

Ved sidan av kortare produksjonstid, har Engesund Fiskeoppdrett og fått grønt løyve i gruppe C, som dei skal nytte til lukka drift i betonganlegg.

– Vi skal  starte med eit lukka betonganlegg for postsmolt frå 400 gram til eitt kilo, seier Gilje. Dette er også eit steg i riktig retning og eit stort løft for begrense røming, miener han.

Les sak på iLaks

Les og: Opprydding har høgste prioritet

For SG: Øyvind Kråkås