Søk i arkivet

Synte sine beste kort

Carl-Erik, Elisabeth, OlaDei tre vestkystkommunane Gulen, Solund og Askvoll mønstra eit slagkraftig og framtidsretta næringsliv då dei fekk besøk av fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I regi av Sogn og Fjordane Høgre kom statsråden på turnè til øyane vest i havet torsdag og fredag denne veka. På Byrknesøy synte Ola Braanaas fram sitt topp moderne slakterianlegg, saman med fabrikksjef Tore Larsen. Anlegget ligg som ein juvel i det nakne kystlandskapet, og har vore drivande for at øyane lengst vest i Gulen har fått brusamband til fastlandet.

ErikGjestgjevarstaden Skjerjehamn, som Braanaas har restaurert til fordums prakt, og tilført eit landemerke med statua som Knut Steen laga av Kong Olav V, er i drift att etter vinterstenging. Her fekk forskarar, fiskarar og oppdrettarar lov til å presentere prosjekt og planar. Store ting skjer i regionen, behovet for betre infrastruktur trengjer seg på.

I den praktfulle sveitservillaen vart der servert treretters middag av ypperste kvalitet. Etter måltidet kunne gjestane trekke seg attende til sine lønnkammer, eller drøse i djupe møblar i rom som tek ein attende til ei anna tid. Som vanleg var oppdrettarane dei siste til køys.

Men den som skal gjere eit godt dagsverk, må tidleg opp. Etter ein solid frukost vitja fylgjet Forundringsflåten, som er ein del av Firda sitt visningsanlegg. Ola Braanaas og Carl-Erik Arnesen synte rundt.

SognesjøenBåten “Solundøy” er det ypperste av komfort for reisande mellom desse holmane. Reiar Vidar Hop og sonen Torbjørn førte fylgjet trygt over Sognesjøen til Sulefisk AS sin lokalitet Fureholmen. Her skjer det store ting, ein prøver ut luselaser, integrert taredyrking og leppefisk. Michael Niesar, Øystein Espeland og Eivind Espeland synte rundt. Dei to sistnemnde har vore involverte i fiskeoppdrett i Solund sidan tidleg på 80-talet.

Gjennom indre Steinsund gjekk turen vidare til Hardbakke, kommunesenteret i Solund kommune. Ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) var reiseguide for opphaldet i øykommunen, og kunne stolt syne fram bygda si framtid i barnehagen. Her var det temadag om sjømat gjennom kampanjen Fiskesprell.

Øystein, ElisabethPå Solund Bryggje, restauranten i hamna på Hardbakke, fekk dei tilreisande presentert lokalt næringsliv. Lending Rederi og båten “Sulebas”, bygd ved Solund Verft. Solund Mat som foredlar lokale råvarer; fisk og sau. Hans Emil Gåsvær presenterte saker som det lokala fiskarlaget er opptekne av.

Etter ein solid porsjon bacalao reiste fiskeriministeren sitt fylgje vidare til Bulandet i Askvoll kommune.

Tekst: Øyvind Kråkås