Søk i arkivet

Satsar 50 millionar på nytt setjefiskanlegg

Erik Jarle-Med det nye landbaserte resirkuleringsanlegget kan vi reindyrke strategien med produksjon av stor kvalitets smolt.   Det vil gje oss store miljømessige og økonomiske fordelar seier Erik Osland, eigar og leiar i Osland Havbruk.

Osland teiknar no kontrakt med selskapet Krüger Kaldnes om bygging av nytt setjefiskanlegg på Sørebø på Høyanger sørside. Nye Osland Settefisk har ei investeringsramme på 50 millionar kroner, og skal stå ferdig ved nyår 2016.  Vi vil kunne gå frå dagens 5-6 årsverk til 10 årsverk ved anlegget.

Osland Havbruk har over fleire år testa ut strategien med større smolt og kortare veksttid i sjø. Det syner seg at dette er svært effektivt, og at ein sparer mykje i arbeidet mot lus og andre miljøutfordringar.

-Denne typen resirkuleringsteknologi gjev oss sjansen til å setje ut større smolt, noko som vil korte produksjonstida i sjøen frå dagens 15-20 månader ned til 10-14 månader. Dette vil gje auka verdiskaping for bedrifta og lokalsamfunnet.

-Kortare produksjonstid er kortare eksponeringstid. Færre avlusingar og mindre rømingsfare. På den måten får vi og lengre brakklegging av lokalitetane, seier Erik Osland.

Erik Osland er og styreformann i nettverket for lokaleigde oppdrettarar, Salmon Group. Han fortel at mange av bedriftene i nettverket no vel ein strategi med større smolt og kortare veksttid i sjø.

Tekst: Øyvind Kråkås