Søk i arkivet

Salmon Blog: Ei tid for å byggje vidare

Norsk laks hos CarrefourMedan sentralbanksjefen varslar trongare tider for norsk økonomi, står havbruksnæringa framfor store investeringar. Næringa og samfunnet treng å spele kvarandre gode.

Alle er einige om at ein vekst i lakseproduksjonen kviler på føresetnaden om mindre bruk av kjemiske lusemiddel og lågare svinn. Vi må oppretthalde fiskevelferd, unngå reistens, senke utslepp og ta betre vare på verdiane.

Sannsynet er stort for at svaret ikkje ligg i ei enkel og billeg løysing, men i eit spekter av løysingar, der nokre vil krevje kostbare investeringar og store utviklingsbudsjett. Næringa er midt inne i denne prosessen. Løysingar som laser, termisk avlusing, auka smoltvekt, lukka postsmoltproduksjon og ulike former for proaktive fôrkomponentar er under utprøving. Ein må attende til pionertida i næringa for å finne tilsvarande utviklingslyst.

Sjansen for å lukkast er formidabel. Men bakom lurer faren for at mange sprengjer seg undervegs, det er store økonomiske løft som ligg til grunn. Produksjonskostnaden pr. kilo slakta fisk har for mange lakseprodusentar overstige 30 kroner. Kurva har vore bratt dei seinare åra. Førebels er prisane gode, men alle som har eigd lakseaksjar veit at tidene svingar.

For å kunne halde kostnadsnivået under kontroll, og sikre løfteevna fram mot meir eintydige verkemiddel, har næringa stort sett dei same behova som andre næringar. Eit fornuftig skatte- og avgiftssystem, god marknadstilgang, godt samarbeid med forskingsmiljøa og stabile rammevilkår for drifta.

Meir spesifikt treng næringa ein betre fleksibilitet for å fordele produksjonen utover året, meir tilrettelagde ordningar for å drive med FoU-aktivitet og ei satsing på betre infrastruktur. Det siste er viktig både for transport av varer og for tilgang på arbeidskraft. Vi treng folk i distrikts-Noreg for å kunne hauste og foredle ressursane som landet er tufta på.

Norsk laksenæring ynskjer ingen særordningar, snarare tvert om. Vi ynskjer konkurransekraft, og å få lov til å byggje vidare på den kunnskapen vi har bygd opp. Landet vil trenge fleire næringar å spele på i åra som kjem, og laksenæringa ynskjer å ta posisjonen som ei av dei.

Les og:

Satsar 50 millionar på nytt setjefiskanlegg

Vil ha kortare produksjonstid for å minske rømingsfare

Marø og Karstensen satser på laser

På tide med ei oppteljing?

Tekst: Øyvind Kråkås