Søk i arkivet

Ei fagsterk luke i vinterstormane

Møte Som eit avbrekk i stormfullt vinterarbeid på sjøen, tilbaud Salmon Group fagseminar på Gran Canaria for eigarar og tilsette hos aksjonærselskapa. 54 personar deltok.

Dette er tredje gongen nettverket arrangerer fagsamling i Syden i februar. Tema var som vanleg valt ut frå produksjonsmessige utfordringar, som smoltkvalitet, lusebekjemping og andre fiskehelseomsyn. Vinneroppskrifta på desse samlingane er å kombinere intern kunnskapsdeling med innlegg frå fagmiljø og leverandørar. Innlagt i turen var og ei utflukt til universitetet i Las Palmas, der ein har eit oppegåande forskingsmiljø på akvakultur, og eit mykje brukt laboratorium for analyse av prøvar frå fisk.

Gran Canaria 2Fagturane har blitt eit kjærkome innslag for mange, og fleire gode prosjekt har blitt initierte under palmane. Den høge deltakinga frå praktisk driftspersonell gjere den konkrete kunnskapsdelinga effektiv og nyttig. Det er Johnny K. Kjæmpenes som er turleiar hos Salmon Group, og syr saman både reise og fagopplegg.

Karin PittmanGran Canaria

 

 

 

 

 

IMG_3714Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Solveig Willis