Søk i arkivet

-Eg vil flytte heim att

Karrieremesse4 På Framtidsfylket si årlege karrieremesse i Grieghallen strøymde det til unge sogningar, fjordingar og andre som er interesserte i ein jobb i det som stadig vert kalla Trivselsfylket.

Når ungdom frå Sogn og Fjordane snakkar om staden dei vaks opp, refererer dei stadig til denne som Heim. Ingen på messa snakkar om å flytte tilbake, men om å flytte heim. Det er heilt tydeleg at identiteten framleis høyrer heime ein stad mellom Stad og Fensfjorden, mellom Utvær og fjellovergangane.

Salmon Group stilte på stand saman med Osland Havbruk og YoungFish, og det synte seg at gjengen frå sistnemnde organisasjon vart vårt gullkort. Ungdom i spennande stillingar og med sterkt pågangsmot fenga dei som kom forbi standen, og mange vart opplyste og nyfikne.

Karrieremesse1Salmon Group har rekruttering som ei av våre hovudsatsingar, og det er ikkje tilfeldig. Næringa vil trenge mykje kompetent arbeidskraft i åra som kjem, og vi må konkurrere hardt om ho. Ved sidan av å konkurrere mot andre næringar, vil vi og merke at det er ei utfordring å trekke arbeidskrafta vi treng ut i distrikta. Vi må vere med å byggje opp sterke og sosialt velutvikla samfunn rundt oss der vi driv våre verksemder.

Salmon Group organiserer vårt rekrutteringsarbeid saman med YoungFish, Linjeforeningen for Havbruk- og Fiskehelsebiologi, Marint Vekstforum, og i det store samarbeidsforaet The Seafood Innovation Cluster.

Karrieremesse3Les om stillingar som er ledige nett no på våre rekrutteringssider

Tekst: Øyvind Kråkås