Søk i arkivet

-Bruk for mykje folk framover

MesseRekruttering er ei høgt prioritert oppgåve hos Salmon Group. Torsdag ettermiddag stiller vi saman med YoungFish og Osland Havbruk på karrieremesse i Grieghallen.

-Det er få ting som er like spennande å jobbe med som rekruttering til næringa. Og det vil bli bruk for mykje folk framover, i mange ulike typar jobb, seier Øyvind Kråkås, som jobbar med samfunnskontakt for nettverket.

Nett no ligg der 7 ledige stillingar på nettverket sine rekrutteringssider. Du kan søkje jobb på Helgeland, Sunnfjord, Ytre Sogn, Austevoll og i Hardanger.

-Osland Havbruk har med seg to svært interessante jobbar som dei lyser ut for fyste gong i dag. Messa er den rette plassen å bruke ettermiddagen dersom du ynskjer å jobbe i ei viktig vekstnæring.

Karrieremessa startar 17.00 og er open til 20.00.