Søk i arkivet

Røktarsamling til inspirasjon og fagleg påfyll

Røktarsamling165 tilsette deltok då Salmon Group heldt fagsamling for driftspersonell ved Solstrand Hotel og Bad. Tilbakemeldingane var svært positive.

Trongen for fagleg påfyll er stadig tilstades for dei som jobbar ute på oppdrettsanlegga, og onsdag og torsdag i førre veke samla nettverket til kurs og sosialt samver. Fiskehelse og tryggleik sto i fokus, og det vart helde innlegg i emne som produskjonsstyring, okysgenhandtering, reinsefiskhald, smoltfôring og førebygging av sjukdom og svinn.

-Denne gongen valte vi å fokusere på sentrale driftsutfordringar. Vi er strålande nøgde med deltakinga på samlinga, det er første gong vi nyttar denne modellen, seier IK-ansvarleg i Salmon Group, Arild Hagenes.

Røktarsamling2Ved sidan av dei faglege føredraga, var kunnskapsdeling og motivasjon viktige komponentar under samlinga. Arrangementet vart avslutta med eit innlegg frå Salmon Group sin ambassadør Pål Anders Ullevålseter. han kom rett frå siger i African Race, og hadde ferske historier og bilete frå løpet. Han snakka og om korleis han har motivert seg og sikra presisjon og tryggleik i løpet av ei lang karriere.

Tekst: Øyvind Kråkås     Foto: Arild Hagenes

Les og:

Salmon Group heldt kurs for å lære av forvaltninga

Saker om Pål Anders Ullevålseter