Søk i arkivet

Marint Vekstforum; møte om effektiv lusebekjemping

Marint VekstforumMarint Vekstforum er eit praktisk bindeledd mellom havbruksnæringa og leverandørindustrien. Årets første møte skal omhandle lusesituasjon og effektivt og skånsomt arbeid mot lus.

Møtet finn stad 29. januar i Florø, og vender seg både til medlemmar og andre i målgruppa; havbrukarar, leverandørar og forvaltning. Der vil bli ei statusoppdatering frå Mattilsynet, etterfylgd av faglege innlegg om reinsefisk, permaskjørt, notvask, laserbehandling og kortast mogleg produksjonstid i sjø. Der blir rom for spørsmål og diskusjon undervegs.

For detaljert program eller påmelding, ta kontakt med:

Roy Sævik; Tlf: 982 44 884 roy.saevik@gmail.com   eller Øyvind Kråkås; tlf: 902 88 064 oyvind@salmongroup.no

Pris: Kr 450,- inkl. lunsj