Søk i arkivet

Høyringsuttale, havbruksmeldinga

Salmon Group flaggHer kan du lese Salmon Group sin uttale til havbruksmeldinga, som hadde høyringsfrist 10. januar. Meldinga skal leggast fram for Stortinget våren 2015, og vil verte ei rettesnor for vidare utvikling av havbruksnæringa. Salmon Group sin uttale er basert på arbeidet til ei gruppe aktive oppdrettarar i nettverket.

Salmon Group er verdas største nettverk av lokaleigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen, yter vi service for våre 46 aksjonærar langs heile kysten, som til saman disponerer 113 konsesjonar for oppdrett av laks og aure, og produserer omlag 50 millionar smolt. Dette gjere oss til landets tredje største oppdrettsaktør, med rundt ein tidel av den totale produksjonen av laksefisk i Noreg.

Våre standpunkt

Salmon Group meiner at det er viktig at havbruksnæringa, som ei av landets viktigaste næringar, har stabile rammevilkår. Med dette meiner vi stabile rammer for drift, vekst og eigarskap. Regelverket rundt næringa har vore for mykje i endring i dei seinare åra. Dette skaper utrygge rammer for investeringar og andre langsiktige avgjerder.  

Der er tverrpolitisk semje om at ein ynskjer eit mangfaldig eigarskap i havbruksnæringa, med store, mellomstore og mindre selskap. Dette må regjeringa syne gjennom tydelege signal og strategiar i havbruksmeldinga. I dei siste åra har ein faktisk sett ei konkurransevriding til fordel for dei største aktørane.

Salmon Group vil tilrå at næringa blir tildelt vekst med utgangspunkt i forslag nummer to i høyringsnotatet; vekst til alle på ein regelmessig måte. Veksten bør ha ein fastsett pris, og tyngda av pengane bør gå til kommunane. 

Aktørar som ikkje svarar til regelverket for god drift, vil uansett ikkje få nytte av den innkjøpte veksten, dersom forvaltninga handhevar driftsregelverket slik dei har heimel til, med pålagd utslakting eller innskrenking av lokalitets-MTB. Desse aktørane vil då betale for ein «papirvekst» utan å få vekst i biomasse og produktivitet.

Føreseielege rammer for drift

Der har i ordskiftet dei seinare åra vore mykje snakk om at næringa treng føreseielege rammer for vekst. Dette er definitivt eit viktig element. For å kunne byggje marknad, ta tunge investeringar og drive forsking og utvikling, treng ein å ha tilgang på ein produksjonsvekst. Men produksjonsvekst handlar først og fremst om god drift, og produktivitetsvekst. For å kunne auke produksjonen må ein meistre dei driftsmessige utfordringane. For å kunne meistre dei driftsmessige utfordringane, må ein ha stabile rammer for drift.

Med stabile rammer for drift, meiner ein at lovverka som omfattar drifta, og handhevinga av desse, må vere stabile og behandle aktørar likt. Spesielt har regelverket for lusehandtering vore skiftande og utsett for mykje diskusjon og forslag til endringar dei siste åra. Dette skaper usikkerheit om kva metodar ein skal satse på framover, og i kva grad ein kan klare å realisere

Salmon Group meiner at innføring av produksjonsområde og sonedrift ikkje høyrer heime i havbruksmeldinga. Erfaringar med sonedrift syner at dette ikkje er eit effektivt verkemiddel mot lus, men at det tvert om er med på å skape utfordringar gjennom oppsamling av biomasse med påfølgjande auke i smittepress i eit område når all fisken i sonen er stor. Det bør langt mindre vere ei politisk oppgåve å pålegge sonedrift, Mattilsynet har i dag heimel til å innføre soneforskrifter der ein meiner dette vil vere tenleg.

Forslaget som ligg inne i høyringa, om å etablere ei ordning med «trafikklys» for å regulere biomassen i eit område, verkar lite gjennomarbeidd og kan tydeleg by på stor risiko for dårleg rettstryggleik og utilsikta straffeverknader. Mange faktorar kan påverke tilhøva i eit område, langt ut over dei ein aktør eller ei gruppe av aktørar kan demme opp for sjølve. Dermed kan dette systemet ikkje innrettast som eit enkelt indikatorstyrt regime, utan at dette pålegg aktørane ei betydeleg usikkerheit utover forhold dei sjølve kan ta kontroll med.

Salmon Group meiner og at seinare endringar i luseforskrifta ikkje har ivareteke formålsparagrafen i forskrifta sitt avsnitt om å unngå resistens mot medikament. Endringa frå tiltaksgrense til maksgrense har medført auka medikamentbruk og handtering, med tilhøyrande tap av fisk, utslepp og resistensutvikling.

Salmon Group ynskjer at miljøkrav vert retta gjennom det generelle driftsregelverket, og ikkje blir blanda med tildeling av vekst. Fokuset på miljøet må vere der kvar dag, ikkje berre når ein skal lyse ut vekst. Vi går stekt i mot ei ordning med indikatorstyrt vekst innanfor produksjonsområde, då vi meiner dette er ei altfor teoretisk og usikker løysing, noko som vil representere det motsette av føreseielege rammer.

Fleksibilitet i drifta

Mindre aktørar har i dag mindre fleksibilitet i høve til større for korleis ein kan utnytte produksjonsrettane. Ordningar som interregionalt biomassetak er laga for å hjelpe dei større aktørane til betre effektivitet. Gjennom å avvise rullerande gjennomsnitts MTB, valde regjeringa å ikkje gje den same fleksibiliteten til alle aktørar.

Fleksibilitet i drifta er ikkje berre viktig for å kunne nytte løyva som ein har, men og for å kunne tilpasse seg biologien på ein best mogleg måte. Denne hausten har mange valt å slakte ut fisk på låge snittvekter for å bekjempe problema med resistent lus. Dette har skjedd på trass av at det gjeldande regelverket straffar slike tiltak hardt økonomisk.

Med eit system der ein enkelt kunne utveksle MTB mellom aktørar, ville aktørar med god biologisk kontroll kunne utnytte kapasiteten som andre avstår gjennom forsert utslakting. Dette ville dempe både dei selskapsmessige og samfunnsmessige konsekvensane av denne typen tiltak, og fremje god biologi.

Det er viktig for næringa å framstå som opa og tilgjengeleg for omverda. Visningsanlegga spelar ei viktig rolle i så måte. Regelverket for visningsanlegg gjere i dag til at mange berre kan ha visning i delar av året, på grunn av avgrensingar på kor mange lokalitetar ein kan nytte. Dette bør ordnast opp i, visning må få den statusen det fortener.

Salmon Group meiner at ein snarast må få på plass meir hensiktsmessige ordningar for utveksling av MTB mellom selskap, for å styrke tilpassingsevna og jamne ut konkurransevilkåra i næringa. Også regelveket for samdrift og samlokalisering må forenklast. Ei innføring av leige av ny MTB, vil gå godt saman med ei ordning der aktørane kan utveksle MTB mellom kvarandre. Tildelinga av lokalitets MTB må fylgje miljømessige kriteria, ikkje selskapet sin storleik.

Konkurransekraft

Konkurransekraft er ein viktig komponent i oppdraget som den sitjande regjeringa har gjeve seg sjølv, og det er ikkje utan grunn. Norsk økonomi har helde seg varm i eit elles kjølig Europa, som fylgje av gode prisar på norske eksportvarer og høg sysselsetjing. Men denne oppdrifta kan vere skjør.

Norsk laks sin posisjon i verdsmarknaden vart styrka då Chile for nokre år sidan reduserte sin produksjon dramatisk. Veksten i landet sin lakseproduksjon hadde vore for dårleg biologisk fundert. Noreg har hatt ein jamn vekst i produksjonen, og har ikkje møtt tilsvarande biologiske utfordringar som Chile fekk. God biologisk kontroll er nøkkelen til all matproduksjon.

Vi ser no at Chile sakte byggjer opp sin produksjon att. Samstundes har kostnadsnivået i norsk lakseproduksjon auka formidabelt dei seinare åra. Det er viktig at ikkje Noreg mistar fylgjet med våre konkurrentar på kostnadssida. Dette omfattar at vi må halde god biologisk kontroll, sunn økonomisk drift og høg innovasjonstakt. Staten si rolle i dette kjem inn under utforming av regelverk, og makroøkonomisk styring.

Noreg må vakte seg vel for å byråkratisere næringslivet for tungt gjennom dobbelt rapportering og overvaking. Ved sidan av å ha ein sunn økonomi i landet, må ein og unngå å diskvalifisere innanlands eigarskap gjennom særleg skattlegging. Det norske skattesystemet skal verke utjamnande, men dersom vi byggjer ned vår nasjonale produktivitet og kapital, vil det gje mindre til fordeling.

Salmon Group vil oppmode politikarane om å ha eit framtidsperspektiv når ein skal utforme skattesystemet for næring og kapitaleigarar. Den norske økonomien har hatt mange gode år, med solid statleg økonomi og god avkastning på privat kapital i mange bransjar. Men den norske økonomien er ei lita grein av verda, og vi må oppfatte at vi er i ein utsett konkurransesituasjon. Vi må styrke privat eigarskap på norske hender, og vi må styrke norske eksportverksemder si konkurransekraft. Det vil sikre velferda og norske arbeidsplassar for framtida.

Kva bør vere kriteria for vekst?

Salmon Group meiner at god fiskevelferd må ligge til grunn for all oppdrett av fisk. Om ein skal klare å vere produktiv over tid, må ein ha orden på fiskevelferda. Utan god biologi er det ikkje hjelp i å få løyve til å produsere meir. Vi meiner difor at ein må snakke meir om driftskriteria, og mindre om vekstkriteria.

Lus har vore ei gjennomgåande utfordring for fiskevelferda i anlegga i seinare tid. Lusa trugar fisken si helse, og behandlinga mot lus aukar dødelegheita, svekkjer immunstatusen og aukar risikoen for rømming og andre uynskte hendingar ved anlegga. Vi er avhengige av å få på plass nye og betre verkemiddel mot lus.

Det er viktig at regelverket ikkje avgrensar kva metodar som kan bli effektive mot lus. Prinsipielt meiner vi at det ikkje er politikarane si oppgåve å fastsetje lusegrenser, og på den måten velje lusestrategi. Dette må vere avgjerder som blir tekne i den fagkompetente forvaltninga.

Salmon Group meiner det er viktig at vi har ei sterk forvaltning av næringa, og at denne har politiske fullmakter til å utøve sitt arbeid på ein kunnskapsbasert og effektiv måte. Det er og næringa sitt ansvar å etterkome forvaltninga sine avgjerder. Suksessen til norsk lakseoppdrett er basert på ei tett oppfylging mellom næring og forvaltning.

Krava til fiskevelferd ligg allereie i dagens regelverk, og må handhevast til fellesskapets beste. Desse omsyna må ikkje vere prisgjevne politiske tidsskifte, men ligge faste som krav til drifta. Aktørar som ikkje etterlever krav til god fiskevelferd, vil heller ikkje evne å ta ut reell produksjonsvekst.     

Samfunnet sine inntekter frå næringa

Salmon Group ser det som viktig at kommunane får nyte godt av dei verdiane som blir skapte i deira kystområde. Vi meiner det er staten sitt ansvar å sjå til at dette skjer, då staten i dag tek inn store verdiar frå oppdrettsaktiviteten. Å pålegge ei næring særskattar, er ei løysing vi vil åtvare sterkt mot.

Konkurransekraft er eit ord som regjeringa har framheva i sitt arbeid, og det med rette. Norsk produksjon må vere konkurransedyktig med omverda om vi skal halde på sysselsetjinga og verdiskapinga. Noreg er eit høgkostland, vi må spele på våre naturlege og ressursmessige fortrinn.

Lakseoppdrett er i dag ei hjørnesteinsnæring for mange kommunar. I område med dårleg infrastruktur på land, har næringa ein sterk posisjon fordi produksjonen føregår på havet, og det meste av logistikken føregår med båt. Havbruk er ei av få næringar med eit stort vekstpotensiale i desse kommunane.

Det er vesentleg for lokalsamfunna å halde på ein mangfaldig struktur i næringa, der også eigarar og beslutningstakarar er busette lokalt. Dette sikrar skatteinngang, kapitaldanning og ressurspersonar i desse samfunna.

Salmon Group tilrår at veksten i produksjonskapasitet får ein fast pris, då bodrundar favoriserer børsnoterte aktørar med rik tilgang på risikokapital, framfor god drift over tid og biologisk kontroll. Kommunane bør få tyngda av konsesjonsgebyret. Regjeringa bør og finne ei ordning der delar av selskapsskatten tilbakeførast til kommunane. 

Arealtilgang

Tilgangen på areal vil vere avgjerande for om lakseproduksjonen kan vokse. Det vil gjelde areal både på sjø og land. Ny teknologi kan endre arealtrongen, ein kan kome til å utvikle både havlokalitetar, meir skjerma lokalitetar og større anlegg på land. Også eksisterande setjefiskanlegg vil ha behov for å kunne ekspandere.

Det er og slik at ein må utnytte gjeldande lokalitetar mest mogleg effektivt. Gjennom å la selskap utveksle MTB mellom kvarandre, vil ein kunne nytte dagens lokalitetar meir optimalt. Mange selskap sit i dag med lokalitetar som har eit langt større potensiale enn gjeldande lokalitets MTB, fordi denne er avgrensa av selskapet sine løyver, ikkje bæreevna til lokaliteten.

Område som er bandlagde for havbruk i dag bør evaluerast med tanke på endra premissar, til dømes ny teknologi. Område som er omfatta av restriksjonar, slik som Hardangerfjorden, bør få vekst på eksisterande MTB sjølv om ein ikkje kan flytte inn ny kapasitet.

Arealplanlegginga i kystsonen har til no i hovudsak vore for fragmentert. Den enkelte kommune har lagt planar utan omsyn til nabokommunane, og det er ulikt kor oppdatert planverket er. Det er trong for meir regional arealplanlegging, der ein ser det miljømessige under eitt, og lik eins det næringsstrategiske.

Salmon Group meiner der bør øyremerkast midlar til å legge regionale arealplanar, samt måling av luselarver i frie vassmasser samt kartlegging av straumforholda på kysten basert på reelle målingar langs heile kysten. Dette vil gje ein meir miljøtilpassa vekst, og ein får ei betre avstemming mellom ulike brukarar og interessentar i kystsonen.

Innovasjon og utvikling   

Havbruk er ein næring som treng kontinuerleg påfyll av kunnskap. Vi treng meir kunnskap om fisken si helse, meir kunnskap om fôr og råvarer, og utvikling av ny teknologi. Her må næringa og kunnskapsmiljøa spele på lag. Denne evna har tradisjonelt vore god, og ein av næringa sine viktigaste suksessfaktorar.

Tildelingsrunden med grøne konsesjonar synte at viljen til utprøving av ny teknologi og alternative driftsformer er svært stor. Dette bør aspirere til ei styrking av ordninga med FoU-konsesjonar. Desse er eit viktig verkty for å bringe fram ny kunnskap, men der er ein veg å gå før ordninga er målretta nok.

Mangfaldet av aktørar er ein nøkkelfaktor for å sikre innovasjonstakta og viljen til å prøve ut nye løysingar. Ulike aktørar tilpassar seg ulikt, og vil ynskje å prøve ut forskjellige metodar for betre drift. I Salmon Group ser vi i dag at ei lang rekke ulike tiltak er under kommersiell utprøving; frå rognkjeks, permaskjørt og luselaser, via integrert taredyrking til lukka anlegg.

Ei brei og open tilnærming er viktig når ein skal stimulere til innovasjon, det er vanskeleg å vite kva løysningar som blir den neste standarden for bransjen. Difor må kvaliteten på prosjekta og viljen til utprøving ligge til grunn for kva som blir hjelpt fram gjennom verkemiddelapparat og ordningar, ikkje politiske føringar for enkelte typar teknologi.

Norsk laks som kvalitetsprodukt

Den norske oppdrettslaksen har bygd seg eit omdøme i verdsmarknaden som eit sunt kvalitetsprodukt. Dette er ein arv som næringa må forvalte med omhug. Kvantitet må aldri få gå ut over kvalitet. Tanken om det ferdige produktet må vere gjennomgåande i verdikjeda.

I så vel produksjonsmetode, fôrtilgang og slakterutinar må ein setje produktet sin kvalitet og mattryggleik i høgsetet. Forskingsmidlar må nyttast til å overvake og sikre at desse omsyna er godt ivaretekne. Det er eit felles ansvar for næringa og staten å initiere og finansiere denne typen forsking.

Salmon Group ynskjer at Sjømatrådet sin posisjon som flaggberar og frontpost for norsk sjømat skal stå ved lag. Vi meiner rolla til Sjømatrådet må utviklast gjennom eit enno tettare samarbeid med næringa, der ein i fellesskap utformar marknadsarbeid og kampanjar, og arrangerer kundebesøk på anlegga.

Salmon Group meiner at det er nyttig å evaluere Sjømatrådet og finansieringa, i takt med at eksportverdi og volum har utvikla seg mykje. Men det er viktig at ein ikkje svekkjer Sjømatrådet sin kapasitet og effekten av generisk marknadsføring. Vi meiner det er feil å byggje ned marknadsføringa av kategorien for å satse på konkrete produkt. Ein må satse på begge deler.

Kvar ligg potensialet for vekst? 

Norsk havbruksnæring må ha som mål å oppnå både ein produktivitetsvekst og ein verdivekst av produksjonen. Ein må ta fatt i utfordringar ved drifta, redusere dødelegheita hos utsett fisk og skape auka verdiar av det ferdige produktet.

I så vel Noreg som i andre lakseproduserande land, er auka omsyn til smoltkvalitet og storleik på setjefisken eit verkemiddel for å sikre betre fiskehelse og mindre dødelegheit hos sjøsett fisk. Tilpassingane til å produsere større smolt vil vere ulike, nokre vil gjere det gjennom såkalla postsmolt-produksjon i lukka anlegg.

Allereie i dag driv mang med saltvasstilpassing av fisk på land, og der føregår utbygging av resirkuleringsanlegg med sjø på land. Samstundes vil der vere heilt klåre fordelar med å produsere postsmolt i flytande lukka anlegg i sjø. Så vel pumpekostnad som arealtilgang vil vere gunstigare for sjøanlegg. Også inngrepa ved å byggje opp produksjonskapasitet på sjø vil vere langt mindre og meir reversible enn på land.

Det er viktig at ein gjennom rammeverket legg til rette for at teknologiutvikling kan skje. Tungrodde planprosessar, hard skattlegging eller gebyr for etablering er med og hindrar utvikling og utprøving av ny teknologi vil bli realisert. Også det konkrete regelverket for lakseoppdrett vil trenge tilpassingar for å kunne forsvare drift i lukka anlegg.

For utvikling av merkevarer og nisjemarknader er det viktig med eit mangfald av aktørar både på produksjonssida og eksportørsida. Mange oppnår allereie prispremie på spesielle produkt til utvalde marknader og kundegrupper. Dette skaper meirverdi og stabilitet. Ein bør og kunne stø seg til Sjømatrådet sine ressursar når ein jobbar med denne typen utvikling og marknadsføring.

Handelspolitiske hindringar er heilt opplagt ein brems for å utvikle betre betalande marknader, og å auke foredlingsraden av den eksporterte fisken. Også særordningar innanlands kan føre til utflytting av landindustri. Dette kan gjelde både særskattar og særeigne arbeidsreglar.

Ved sidan av ei auke i salsverdi og lågare svinn, er det viktig å ha eit skarpt blikk på kostnadssida for å styrke verdiskapinga av norsk fisk. Næring må ha gode rutinar, god innovasjonstakt og god fiskehelse, styresmaktene må vakte seg for å innføre dobbelt overvaking eller andre former for tungt byråkrati. Skattepolitikken må vere i harmoni med våre konkurrentar sine vilkår.

Samfunnsoppdrag

Havbruksnæringa si primære oppgåve er å produsere sunn mat. Dette må ha fremste prioritet når ein skal utvikle næringa vidare. Det økonomiske aspektet må ivaretakast for å sikre drift og utvikling, samt konkurransekraft og marknadsposisjon.

Salmon Group er heilt på linje med at der må stillast klare miljøkrav til produksjonen, og at desse må baserast på kunnskap. Vi meiner det er ein blindveg og det motsette av føreseielege rammer for drift å fastsetje slike ting som lusegrenser politisk. Tillit må delegerast til dei som har detaljert kunnskap; forvaltninga.

Den norske økonomien er ein ressursøkonomi. Ofte blir det framstilt som at ein drive med ressursutnytting for å oppretthalde distrikta, men den eigentlege samanhengen er at ein trenge distrikta for å kunne nytte ressursane. Dette må ein sjå att i regjeringa sin politikk på alle felt, ikkje minst på samferdsle og utdanning.

Det er viktig at havbruksnæringa vert regulert og forvalta med respekt for den formidable innsatsen som er lagt ned av pionerar, gründerar og arbeidsfolk. Næringa er ikkje skapt eller utvikla av staten, men av private eldsjeler.

 

Øyvind Kråkås

Informasjonsansvarleg