Søk i arkivet

Aktuelt

Har god tru på havbruksmeldinga

StortingetSalmon Group har tru på at havbruksmeldinga vil bli eit viktig dokument for å gje næringa føreseielege rammer og utsikter til auka verdiskaping.

-Vi ser at regjeringa har synt vilje til å finne løysingar framfor å utsetje. Handteringa av Russland-stenginga var førebiletleg, og ein syner eit kledeleg hastverk med å få på plass rammer for framtida, seier informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås.

Nettverket har levert eigen høyringsuttale til havbruksmeldinga, der dei er opptekne av at miljøkrava må stillast til drift, ikkje berre til vekst.

-Det må svare seg å drive godt, ta vare på fisken og søkje beste praksis. Vi meiner spesielt dette med kortare produksjonstid i sjø er ei viktig løysing på problema med lus og sjukdom. Sett ut robust smolt, gje han godt stell, og du vil ha det att i frisk fisk og sunn økonomi. Slik nyttar du og arealet effektivt, og du får brakklagt skikkeleg.

Salmon Group ynskjer ikkje at landet skal delast inn i produksjonsområde med utsettsoner.

-Mattilsynet har allereie heimel til å innføre soneforskrifter, og vi har erfaring med slik drift frå fleire stader langs kysten.  Det er viktig med koordinering, men vi vil åtvare mot effekten av å samle mykje biomasse i eit avgrensa område. Når fisken i sonen blir stor, aukar luseproblema og smittepresset.

Salmon Group representerer 46 lokaleigde oppdrettsselskap, og framhevar verdien av at lokale interesser får vere med vidare i næringa.

-Mangfald er viktigare enn dei fleste forstår. Det er mangfaldet som sikrar reell konkurranse og innovasjon. Også dei største aktørane treng konkurrentar som utfordrar dei og prøver ut alternative løysingar. Og så er lokalt eigarskap viktig for busetnaden på kysten, seier Kråkås.

Havbruksmeldinga skal vedtakast av stortinget våren 2015.

Les Salmon Group sin høyringsuttale her