Søk i arkivet

Stor suksess med reinsefisk

BerggylteLangøylaks har hatt so stor suksess med bruk av reinsefisk at det vekkjer mediemerksemd. I haust har dei kunne unngå avlusing takka vere god drift med leppefisk.

– Vi har ei storsatsing på leppefisk. Vi har heldt på med det i mange år, men vi har utvikla oss heile tida og er nok flinkare no enn vi var berre for eitt år sida. Det er mykje å hente der, seier dagleg leiar, Karsten Inge Møgster, til Kyst.no.

Normalt sett har vi ei avlusing i løpet av hausten, men det slapp vi i år fordi vi har sett god effekt av rensefisken, seier Møgster.

Veksemda har 3 konsesjonar for laks og aure, som dei driv ved øya Møkster i Austevoll kommune.  7 av dei 65 innbyggjarane på øya jobbar for Langøylaks. I 2013 leverte selskapet ei omsetnad på 97,4 millionar kroner, og eit driftsresultat på 28,8 millionar kroner.

– 2014 har vore eit godt år. Det har vore generelt gode prisar, og biologien har gått bra, seier Karsten Inge Møgster.

Les heile artikkelen på Kyst.no