Søk i arkivet

Salmon Blog: Kven skal ha lov til å vokse?

Nye løyve for lakseoppdrett har blitt tildelte gjennom politisk motiverte forskrifter. Det har utløyst rettslege prosessar, der aktørar meiner dei ikkje har fått den veksten som forskriftene ga dei rett til. No vil regjeringa gje sokalla «objektive kriterier» for framtidig vekst. Men ein skal passe seg for ikkje å innføre ei permanent urettferdigheit.

Få ting er meir kompliserte enn å lage eit lovverk. Du skal sikre deg at lova styrer slik du ynskjer, du skal sjå føre deg alle smutthol og tilpassingar, og du skal sikre at der blir likskap for lova. Å lage lovverk ut frå politiske ambisjonar er svært komplisert, og ofte fåfengt. Perspektiva blir for snevre eller kortsynte, og enkelte tilpassingar vil bli favoriserte framfor andre.

Dei grøne konsesjonane er eit døme på forskrift der ein har stige rett ut i den juridiske hengemyra. For kva er eigentleg ein verifisert men ikkje utprøvd miljøteknologi for fiskeoppdrett? Det har heller ikkje blitt enklare ved at regjeringa har føreslege ei ny tildeling som skal ha meir rigide lusegrenser enn den ein har med dei grøne konsesjonane.

Kven skal ha lov å drive lakseoppdrett i Noreg? Det er det overhengande spørsmålet når framtidig vekst skal leggast til rette. Frykta for overetablering, med tilhøyrande marknadskollaps, blir alltid dregen fram. Personleg meiner eg at denne er overdriven. Lovverka som omfattar oppdrettsnæringa er i dag so omfattande at det vil bli utenkeleg å rigge seg med produksjon rundt alle nes. Investeringane for å setje i gang er formidable.

Dei som allereie har løyve, er på sett og vis heldige, men dei er og prisgjevne. Stadige endringar i driftskrava skaper usikkerheit for investeringar og utstyrsval. Næringa lever med skiftande prisar på fisken, ein må vere rigga for å tole periodar med dårleg eller inga inntening. Politikarane lovar meir stabilitet framover, men dei lovar truleg for mykje. Naturen svingar, økonomien svingar og dei politiske stemningane svingar i takt med media sine prioriteringar. Korleis ser ein då føre seg at laksenæringa skal kunne stå heilt støtt?

Det som blir viktig, når dei neste retningslinene skal strekkast opp, er at ein hugsar kvifor ein lagar retningsliner. Ein må sikre at dei blir målretta, og at dei gjev likskap for lova. Den beste måten å gjere det på, er å gjere det enkelt. Lik vekst for alle, som ei rente på dei rettane ein allereie har. Særlege rettar for forsking og utprøving eller visning, må haldast utanfor. Dette er eigentleg ikkje vekst, i det store biletet.

Miljøfaktorar er fastslege som styringsindikator. Men miljøet er vel ikkje berre viktig når ein skal ha vekst? Miljøtilpassa drift må vere regelen for drifta til ei kvar tid. Mest mogleg fisk må leve fram til å bli mat, og fisken må ha best mogleg forhold å leve under til dess. Då må det vere reglane for drifta som styrer miljøkrava, ikkje reglane for veksten. Klarar du ikkje å få fisken fram til ferdig mat, korleis kan du då tenkje deg å vekse i produksjon?

I regjeringa sitt høyringsnotat for havbruksmeldinga, blir dei som kan by mest for ein konsesjon definerte som «den mest effektive aktøren». Effektive til kva då? Å hente inn risikokapital, javel. Men å drive oppdrett på ein god måte? Nei, korleis det? Mange oppdrettarar med få konsesjonar og ein relativt låg kapital driv langt betre biologisk, og produserer langt meir mat og overskot per løyve enn dei største selskapa. Utsegna om «den mest effektive aktøren» stryk på den samfunnsøkonomiske lekseprøva.

Fiskeoppdrett er matproduksjon. Då må gode matprodusentar drive næringa, omsyn til avkastning for eigarar eller avgifter til det offentlege må ikkje setjast framføre. Det blir eit altfor korstynt perspektiv. Dei som har teke sjansar, teke utdanning og hausta både gode og bitre erfaringar, er dei som har skapt laksenæringa. Ein må ikkje gløyme desse når ein no utformar framtidig regelverk. Fagfolk er fagfolk, også i fiskeoppdrett.

Konklusjonen er; gjer det enkelt, gje alle lik rett til vekst. Still krav til drifta, pass på at fisken har det godt og lever fram. Sats på dei som passar fisken sin, og skikkar seg vel. Slik vil det vise seg kven som er dei beste aktørane. Då vil Noreg få glede av laksenæringa inn i framtida.

Tekst: Øyvind Kråkås