Søk i arkivet

Salmon Blog: Havets husmenn?

Diskusjonen om framtida til norsk oppdrettsnæring handlar om miljøpåverknad, arealtrong og verdas tilgang på protein. Men han handlar og om nordmenn sin rett til å eige og drive bedrifter langs kysten, og om samfunnet si evne til å dra nytte av dei verdiane som vert skapte.

Det har ofte blitt framstilt som at fiskeri og oppdrett er næringar ein har av distriktspolitiske omsyn, for at der skal kunne vere busetnad langs kysten. Eg oppfattar det heilt omvendt, Noreg som nasjon har store deler av sitt ressursgrunnlag langs kysten og på havet. Vi må innrette oss slik at menneske vil bu der og ta hand om ressursane i samfunnet si interesse.

Oppdrettsnæringa har vakse fram samstundes med ei enno større og rikare næring; oljenæringa. Dette har sett ho i eit meir provinsielt perspektiv enn ho elles ville fått. Til liks med shipping og mykje av oljeservicenæringa, har oppdrett vakse ut frå lokalt gründerskap, satsingsvilje og glød. Det har gått an for praktiske menneske å arbeide hardt, satse hus og heim og byggje opp ei bedrift for familien og lokalsamfunnet.

Bedrifter som desse er motorar i dei samfunna dei er baserte i, dei er utdanningsinstitusjonar for lokal ungdom, dei skaper omsetnad for service- og leverandørnæring lokalt. Dei betaler skatt til storsamfunnet og produserer mat. Nokon har kalla det ein Senterpartidraum, eg vil heller seie at det ligge langt forbi det ein kunne fått til berre med politiske ordningar. Dette er ressursbasert entreprenørskap. Og entreprenøren er her like viktig som ressursen.

Næringa har av ulike årsaker gjennomgått strukturendingar. Nokre av desse har vore heilt uunngåelege og har verka oppbyggande. Andre har vore basert på økonomiske stemningar, spekulasjon og skyhøge kredittar. I dag har næringa solide eigarar, men og ein stor pågang av sterke, internasjonale kapitaleigarar som vil vere med på laget. Det er naturleg og positivt.

På eit tidspunkt går den sokalla konsolideringa over til å bli ein marknadsdominans. Og det veit jo økonomane, at sterk marknadsmakt er den frie konkurransen sitt uheldige vippepunkt. Problemet er at ein sjeldan innser at marknadsmakta er for stor før det er for seint. Og dessutan har vi ei ibuande tillit til aktørar som er store og mektige.

Poenget her er ikkje om det er staten eller ein kinesar som har teke denne marknadsmakta, men at enkeltaktørar blir so sterke at dei kan skumme fløyten av ressursane, utan å ta omsyn til samfunnskontrakten. Den oppdragande effekten av reell konkurranse blir borte. Det hemmar verdiskaping, innovasjon og tilpassing til samfunnet sine forventningar. Så er og måten vi har demokratisert ressursane på, eit av den norske nasjonen sine mest suksessfulle politiske grep.

At befolkninga som bur langs kysten skal kunne ha eigarskap i ressursforedlinga som føregår her, er i heile samfunnet si interesse. Å setje vekk dette eigarskapet til fåtalsinteresser, og gjerne utanfor vårt eige land, har ikkje nokon positiv effekt. Vi skal vere opne for investeringar, men ikkje la oss kjøpe ut. Det håpar eg regjeringa og stortinget og meiner, når dei no skal lage ei havbruksmelding.

Tekst: Øyvind Kråkås