Søk i arkivet

Pål Anders klar for Africa Race

Pål AndersMedan dei fleste veltar seg over i juleferie, legge Pål Anders Ullevålseter siste hand på verket før avreise til vinterens store kappløp.

Det er første gong Pål Anders delteke i Africa Race, som startar 29. desember i Saint-Cyprien i Syd-Frankrike.

Den første dagen er ein rein trandsportetappe gjennom Spania (103mil). Løpet går deretter gjennom Marokko, Vest-Sahara, Mauritania, og har målgang i Dakar i Senegal 11. januar. Løpet varer i 12 dager og har ein distanse på 700 mil.

Det er første gongen Pål Anders kjører dette løpet etter at han tok beslutninga om å avslutte Rally Dakar som går i Sør-Amerika.

Pål Anders har alltid drøymt om å få kome tilbake og køyre i Afrika igjen. Sist gang var under Rally Dakar i 2007. No er draumen verkeleg og difor er motivasjonen stor. Han ønskjer å kjempe i toppen, aller helst øvst på pallen.

Tekst: Mette Solli/Øyvind Kråkås