Søk i arkivet

-Oppdrettsnæringa har snakka for mykje om vekst

Pure Farming ASSalmon Group meiner det har vore for sterkt fokus på auka konsesjonsvolum i oppdrettsnæringa, og at ein heller bør sjå på korleis drifta kan bli betre.

-Ser vi historisk på det, har tyngda av auka produksjon kome gjennom betre produktivitet, ikkje gjennom tideling av nytt volum, seier Øyvind Kråkås, informasjonsansvarleg i Salmon Group.
2014 er året då den norske lakseproduksjonen stagnerer, og i 2015 kan vi kome til å sjå ein nedgang. Dette kjem som fylgje av dårlegare drift. No meiner dei lokaleigde selskapa at ein heller må snakke om driftskrav enn om vekstkrav.
-Skal ein få føreseieleg vekst, må ein ha føreseieleg drift. Veksten må kome som ei fylgje av at drifta er god nok. Dette seier seg i grunnen sjølv, du klarer ikkje å auke produksjonen viss du må slakte fisken på låg vekt, eller har eit stort svinn.

Nettverket er no i ferd med å innføre ein intern instruks for å setje tak på talet på behandlingar mot lus, og for å seinke svinnet. Ein meiner desse miljøutfordringane heng tett saman.

-Vi må få ned talet på handteringar av fisken, det verkar drivande på svinn, tapt tilvekst, sjukdom og rømingsrisiko. Nøkkelen ligg i å oppnå kortare produksjonstid i sjø. Dette oppnår ein dels gjennom auka fokus på smoltfasen, dels gjennom teknologiutvikling og dels gjennom kvalitetssikring av drifta.