Søk i arkivet

Ny dagleg leiar i Mortenlaks AS

Tom Jarle BjørklyTom Jarle Bjørkly overtok 1. desember leiaransvaret i Mortenlaks AS i Lødingen. -Vi har henta ein mann frå øvste hylle, seier styreleiar Einar Ytterstad.

Tom Jarle Bjørkly har lang erfaring frå næringa, og har jobba for fleire av dei store aktørane. No kjem han frå stillinga som kundeansvarleg i BioMar, med kontorstad på Myre.

Salmon Group kjenner godt Bjørkly frå samarbeidet med BioMar, og er svært nøgde med å få ein slik mann inn i rekkene.

-Tom Jarle Bjørkly har ei høg stjerne hos aktørane i regionen. Han er svært kunnskapsrik og har gode eigenskapar som samarbeidspartner. Vi er sikre på at vi skal få stor glede av å jobbe ilag med han for å styrke samspelet mellom selskapa i regionen, og som ein kunnskapsrik mann inn mot nettverket sentralt, seier Øyvind Kråkås, informasjonsansvarleg i Salmon Group.

Eigar og tidlegare leiar Einar Ytterstad trappar no ned si daglege rolle i selskapet, men vil halde fram som leiar for styret. Mortenlaks AS har 2 konsesjonar for laks og aure.

Tekst: Salmon Group          Foto: BioMar