Søk i arkivet

-Kan vere ein historisk tabbe å byggje ned Norges Sjømatråd

Erik Osland-Innsatsen for å byggje opp merkevara Norsk Laks over heile verda har vore formidabel. Denne merkevara er vår grunnkapital, det vil vere kortsynt å spare på fellesmarknadsføringa for å lyfte fram enkeltprodukt, meiner styreleiaren i Salmon Group, Erik Osland.

Osland er tredje generasjon laks- og aureprodusent ved Bjordal i Sogn. Verksemda som han eig og driv vart stifta av bestefaren hans, pioneren Erling Osland. Då Erling Osland tok til å produsere regnbogeaure på 1960-talet, kalla han selskapet for Eros Laks. Han skjønte at laksen var den sterke merkevara for raud fisk.

-Felles løysingar har vore sentralt i denne næringa si utvikling. og eg trur vi skyte oss i beinet om vi struper inn Sjømatrådet sin aktivitet for å satse på enkeltprodukt. Vi må heller ta oss råd til begge deler, og finne modellar for tettare samarbeid mellom aktørar og Sjømatrådet, seier Erik Osland.

Osland er og aktiv i FHL, og fryktar at ei nedbygging av felles tiltak kan spreie seg vidare til andre organisasjonar, dersom ein no aksepterer eit svakare Sjømatråd.

-Eg tykkjer det er kortsynt å spare inn på felles løysingar som er bygde opp over så mange år. Vi risikerer å bli ei meir fragmentert næring. Heile Noreg som nasjon byggjer jo vår suksess på dei gode modellane vi har hatt for demokratisk hausting, foredling og fordeling av ressursane. Eg trur ikkje alle skjønar kor mykje dette er verdt, før vi ein dag har bygd oss vekk frå det. Det kan vise seg å bli ein historisk tabbe å byggje ned institusjonar som Sjømatrådet, seier Erik Osland.

Tekst: Øyvind Kråkås