Søk i arkivet

Julehelsing frå Salmon Group

JulenisseKjære julenissen,

I år har vi gjort mykje godt. Vi har produsert mat til menneske over heil verda, vi har sysselsett menneske over heile landet, og vi har betalt inn mykje pengar til storsamfunnet. Vi vil difor tillate oss å kome med nokre fromme ynskje for det nye året.

Vi likar oss godt på kysten og i fjordane. Her har vi våre heimar, familie og lokalsamfunn. Vi føler eit stort ansvar for å skape verdiar i dei samfunna vi bur og arbeider i. Folk må ha arbeid, kommunane må ha inntekter til å gje alle innbyggjarane den velferda dei har krav på. Vi treng gode og trygge bumiljø rundt oss. Våre kollegaer skal ha ein trygg og god arbeidskvardag, og eit rikt sosialt liv utanom arbeidsplassen.

Laksens dag 1Vi treng å ha med oss storsamfunnet i dette arbeidet. Vi ynskjer at staten skal la kommunane få meir av dei midlane som vi betalar inn i skattar og avgifter. Kommunane og innbyggjarane er vertskap for vår produksjon. Vi ynskjer at dei skal få ta del i verdiane. Både vi og dei andre som driv i distrikta treng god infrastruktur. Gode vegar, eit godt rutetilbod, telefonsamband og internett, post og butikkar. Her må staten stå skulder ved skulder med oss for å få det beste ut av ressursane vi har som nasjon.

For å kunne investere i nytt utstyr, tilsetje fleire menneske og strekke oss for å bli betre på alle felt, treng vi føreseielege rammer for framtida. Vi må vere trygge for korleis vi kan legge opp drifta, slik at vi kan fôre fisken, får betalt rekningane våre og halde banken blid. Vi ynskjer å ha eit stabilt regelverk å halde oss til. Vi vil samarbeide med forvaltninga slik at regelverket får fungere etter dei beste intensjonar, og drifta vår skal vere av beste sort.

Laksens dagVi vil at fisken vi leverar skal vere den beste i verda, og at han skal ha det godt gjennom heile produksjonen. Difor har vi vår eiga oppskrift på fôret, SG-resepten. Vi held god fiskehelse og eit høgt innhald av omega 3 som heilagt. Vi forskar på nye råvarer til fôret, slik at vi kan vokse utan at det går ut over ressurstilgangen i framtida. Du skal vere trygg og nøgd når du kjøper fisk frå Salmon Group, anten han er fersk, røykt, grava eller kva som helst du måtte føretrekke.

Stadig fleire vil vere med i nettverket vårt. Det er vi svært glade for. Vi har no med oss flinke oppdrettarar frå Troms og like til Kragerø. Når vi møtast, har vi det kjekt og lærer frå kvarandre. Men i kvardagen jobbar vi hardt, kvar på vår kant, men mot dei same måla. Vi ynskjer å vere dei aller beste, og samla er vi dei tredje største. Og stadig er der plass til fleire, om nokon kjem og bankar på døra.

Alex og Anne Karin.Vi er stolte over samarbeidet med andre i næringa. Leverandørar av fôr, rogn og vaksiner sikrar oss ein sterk og sunn fisk. Eksportørane gjere ein suveren jobb med å omsetje fisken. Slakteria og transportørane tek seg av produkta på beste måte, og får han heilt fram til kundane. Organisasjonane hjelper oss til å samarbeide med dei andre oppdrettarane, og til å legge fram vår sak for styresmaktene på ein god og klår måte. Forsikringsselskapa sikrar oss litt søvn kvar natt. Ei rekke andre yrkesgrupper er med oss på laget, for å kunne dyrke havet på ein god måte. Vi ynskjer å vere profesjonelle i heile verdikjeda, og i all vår handel og vandel.

Vi prøver å hjelpe til der det trengst. Også i dei store byane. I Bergen har vi støtta opp om Natteramnane sitt arbeid for ein trygg by. Langs kysten har vi støtta opp om Redningsselskapet sin jobb for å sikre tryggleik til alle som ferdast på havet. Vi samarbeider med grunneigarar, sportsfiskarar, styresmaktene og kunnskapsmiljø for å sikre villaksen og fritidsfisket si framtid. Vi jobbar saman med andre kystfolk for å sikre at vi ein dag snart skal få ein samanhengande kystveg mellom Ålesund og Bergen. Når gode krefter samlast, er det meste mogleg.

HermansenVi ynskjer at alle får ei god og fredfull jul. Vi ynskjer at alle våre kollegaer skal kunne ta ein velfortent kvil saman med familiane sine. Vi ynskjer at alle våre kundar skal få nyte julelaksen sin saman med slekt og vener, og at dei går eit godt år i møte. Vi ynskjer å gå inn i det nye året med forsett om å gjere ein enno betre jobb. God jul, til deg og dine.

 

Helsing frå alle i Salmon Group      

          

Sjå attende på året 2014 på www.salmongroup.no