Søk i arkivet

Åtvarar mot kostnadsauke

Even Søfteland– Norsk havbruksnæring er på full fart inn i «oljesyndromet». Meir og meir av tida og ressursane i havbruksnæringa går til å tilfredsstille ulike reglar og krav frå myndigheiter og kundar, seier oppdrettskonsulent Even Søfteland til nettstaden iLaks.

Samstundes med at næringa har opplevd høge eksportprisar i ein lang periode, har produskjonskostnadane auka formidabelt i norsk lakseproduksjon. Mange fryktar at dette skal slå hardt attende når prisane svekkast og konkurrerande land får bygd opp sin produksjon.

– Sidan 2005/2006 har vi hatt ei dramatisk kostnadsauke i produksjonskostnad per kilo i Norge. I all hovudsak er den kostnadsutviklinga driven av reglar eller innstrammingar av reglar. Og for meg ser det ikkje ut til at det er nokon ende på dette i det hele teke. Det er den same tendensen vi har sett i oljeindustrien i mange år som dei siste åra har skolt innover havbruksnæringa. Og vi ser også no ei forvaltning og eit politisk system i Norge som i endå større grad skal nytte havbruksnæringa som en mjølkeku på den eine sida og ytterlegare strame inn regelverket på den andre. Som igjen fører til ein akselerasjon i kostnadsspiralen, seier Søfteland.

Les artikkelen på iLaks

Les og: På tide med ei oppteljing?