Søk i arkivet

2015 blir viktig for Marint Vekstforum

Roy SævikMarint Vekstforum er eit samarbeid mellom oppdrett og leverandørindustri i Sogn og Fjordane. Leiar Roy Sævik meiner 2015 vil bli det store løftet for forumet.

-Vi jobbar no med å få til ei samling i slutten av januar, der vi løftar fram ulike løysingar for ikkje-medikamentell avlusing. Forumet sin ide er å fylgje opp dei mest aktuelle emna i bransjen til ei kvar tid, og Sogn og Fjordane har mange aktørar som er langt framme i utviklinga av nye metodar, seier Sævik.

I tillegg til praktiske problemstillingar knytte til drift, har Marint Vekstforum også arbeidd mykje med rekruttering og kompetansebygging. Dette har mellom anna resultert i at Folkeuniversitetet, Fusa VGS og Salmon Group har samarbeidd om fagbrevutdanning til personell med erfaring frå praktisk havbruk.

-Rekruttering, kompetanse og innovasjon er tett samanvevde faktorar, seier Roy Sævik. Sogn og Fjordane er eit fylke som treng å knyte til oss gode handverkarar, både i primær og leverandørleddet. Det vil vi stå på for å lukkast med.

Tekst: Øyvind Kråkås