Søk i arkivet

Skjerpar tiltak mot lus

Elisabeth AspakerEtter innspel frå Mattilsynet sende Fiskeriministeren måndag ut varsel om skjerpa tiltak mot lakselus.

Først og fremst dreiar det seg om strengare oppfylgjing av lokalitetar der ein over tid ikkje klarar å bekjempe lusa på ein god nok måte. Her kan det i ytste fall bli snakk om reduksjon av lokalitets-MTB, eller inndraging av lokalitetsklareringa.

– Det er relativt få lokaliteter dette gjeld, men effekten av å fjerne fisken fra desse anlegga forventast å ha stor betydning for det totale smittepresset i området, seier Harald Gjein, adm.dir i Mattilsynet til Kyst.no.

Ein vil og styrke tilsynet med internkontroll for lusebekjemping og lækjemiddelbruk.

Salmon Group har tidlegare påpeika det viktige i at Mattilsynet nyttar det eksisterande regelverket på ein effektiv måte, framfor å gjere omfattande lovendringar. Nettverket har utvikla og driftar eit eige internkontrollsystem for våre aksjonærar, der arbeid mot lus og kontroll på lækjemiddelbruk er nokre av mange komponentar for å sikre god fiskevelferd, miljøstatus og tryggleik ved anlegga.

Tekst: Øyvind Kråkås