Søk i arkivet

Aktuelt

Sjømatrådet har framleis ei rolle å spele

Sjømatrådet logoSalmon Group meiner at Sjømatrådet har viktige oppgåver også i framtida, men at samarbeidet med næringa må bli tettare.

Sjømatrådet er no inne i ein evalueringsprosess, der ein skal avklare kva oppgåver og finansiering rådet skal ha vidare. Nokre har meint at Sjømatrådet har utspelt si rolle, men Salmon Group meiner ein framleis treng ei felles marknadsføring og informasjonshandtering.

-Sjømatrådet har mykje kompetanse og posisjonering som næringa har bruk for, ein må berre finne måtar å samarbeide tettare på. Vi har allereie teke initiativ til slikt samarbeid inn mot Sjømatrådet, og har opplevd ei svært positiv innstilling til det, seier informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Nettverket har samarbeidd med Sjømatrådet både om nasjonal marknadsføring, og gjennom besøk av utanlandsk presse og kundar ved oppdrettsanlegg.

-Vi opplever Sjømatrådet som ein dyktig partner, no må ein utvikle modellar for korleis dei kan delta også økonomisk saman med næringa på ulike tiltak. Næringa er generelt i ferd med å heve si koSpansk delegasjonmpetanse på marknadsføring, ein vil bli meir aktive på å lansere eigne tiltak, og då er det viktig å kunne spele på lag med Sjømatrådet.