Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Group heldt kurs for å lære av forvaltninga

IK-kurs26 tilsette melde seg på då Salmon Group heldt IK-kurs saman med med Mattilsynet og Fiskeridirektoratet.

Kurset var eit initiativ for region-nord, og gjekk føre seg i Isqueen sine lokale på Ure i Lofoten.

-Målet med kurset er å styrke forståinga mellom forvaltningsinstansane og dei som jobbar ute på merdkanten, seier IK-ansvarleg i Salmon Group, Arild Hagenes.

Kurset tek føre seg regelverka som desse to fagetatane handhevar, og vanlege utfordringar som dei møter ute i næringa.

-Vi er stolte av at so mange stiller på kurs, seier Hagenes. Internkontroll er kjerneverksemd i moderne fiskeoppdrett, og vi må vere trygge og effektive i dette arbeidet. Gjennom eit godt samarbeid med forvaltninga, er vi godt rigga til utfordringane som møter oss i kvardagen.

Les og: -Mattilsynet må få gjere jobben sin

Tekst: Øyvind Kråkås         Foto: Arild Hagenes