Søk i arkivet

Salmon Blog: Kjære staten, du er ein av oss

StortingetStaten er som folket. Lik dei fleste av oss ynskjer staten å stå i fremste rekke når fordelar og fine ting skal fordelast, og gjerne vere meir anonym når vanskelege avgjerder skal takast.

Staten har avlasta folk flest for mykje ansvar. Politiet, militæret, helsevesenet og skuleverket har gjeve oss retten til å klage når ting er vanskeleg og vi ikkje når heilt fram dit vi skulle ynskje, eller vi blir forulempa på nokon måte. Det er godt. Berre få ynskjer seg attende til eit klans- eller ættesamfunn. Enno færre ynskjer at kvar mann må kjempe for seg, og all kapasitet går med til berre å overleve.

Som dei fleste nordmenn, har den norske staten vorte velståande. Det er gjerne ikkje så lett å erkjenne at ein sjølv er velståande, fordi der er jo alltid meir ein skulle hatt råd til. Alltid prioriteringar ein gjerne skulle ha unngått. Men den norske staten er ein draum av velstand; ein sosialdemokratisk oljenasjon, vasskraftnasjon, sjømatnasjon og velferdsstat.

Kommunane er fattige. Men som dei fleste velståande, meiner staten at dei fattige kan takke seg sjølve. Dei har ikkje levert godt nok. Dei er for lite effektive med pengane, dei har for få innbyggarar. Dei burde sjå på staten, kor flink han har vore med å få ting til. At det er staten som har laga spelereglane for kommunane, betyr ikkje at staten har ansvar for at kommunane går dårleg. For som dei fleste av oss, er ikkje staten så glad i å ta ansvar, så lenge det ikkje er snakk om ansvaret for ein suksess.

Medan kommunane er fattige, er mange av innbyggjarane velståande. Og ein del bedrifter i kommunane er og velståande. Velståande bedrifter må dele med staten, men ikkje med kommunane. Det tykkjer kommunane er urettferdig, og det tykkjer staten og. For som dei fleste av oss er staten mot urettferdigheit, så lenge det ikkje er han sjølv som må betale for rettferdigheita.

Staten kunne ha delt meir med kommunane. Men som dei fleste av oss tykkjer staten at der heller er nokon andre som burde dele frå seg. Slike som dei velståande innbyggjarane og bedriftene. Difor peiker staten på desse, og seier til kommunane at dei bør heller gå til desse for å finne pengar. Pengar til innbyggjarane, slik at dei kan bu i kommunane og jobbe for bedriftene som skal betale inn til staten.

Det er ikkje det at staten er kjip. Men som dei fleste av oss ynskjer han helst å spandere dersom det er tydeleg kven som spanderte, og alle vil skåle for han etterpå. Og som dei fleste av oss ynskjer han ikkje å spandere slik at han verkeleg kjenner det på lommeboka. Han er jo trass alt staten, han jobbar hardt og teke mykje ansvar. Han fortenar å ha det litt romsleg.

Staten er ute etter kunnskap, men som dei fleste av oss er han først og fremst oppteken av kunnskap som bekreftar det han alt har trudd og satsa på. Staten er som dei fleste av oss seig med å innrømme feil, spesielt kostbare feil. Som dei fleste av oss kan han kome til å seie at «dette har fagfolk sagt», utan å ynskje å gå reint i detalj om det.

Staten er som dei fleste av oss seg sjølv nærast. Han kan blåse seg opp og bli trugande dersom nokon stiller spørsmål ved hans rettvise eller motiv. Men som dei fleste av oss toler staten og tilsnakk. Han straffar oss ikkje om vi høgg litt etter han i avisa eller i telefonen. For som dei fleste av oss innser staten at han rett som det er treng å bli sett litt på plass.

Eg likar deg, staten. Eg har trua på deg. Eg trur du berre vil vel, alt i alt. Du har berre kome litt skeivt ut. Men eg skal hjelpe deg litt eg, med denne havbruksmeldinga, så blir den veldig bra til slutt, skal du sjå.

 

Tekst: Øyvind Kråkås

Les og Feil taktikk til feil tid