Søk i arkivet

Salmon Blog: Gamle forslag blir som nye

Eit år med borgarleg havbrukspolitikk har gitt fleire spørsmål enn svar.

I partiprogram og ved tiltreding lova regjeringa langsiktige rammer for næringa. Førebels må vi forstå dette slik at det aldri vil ta slutt på høyringsutkasta. Som under den førre regjeringa, skal alt høyrast frå alle tenkelege alternative angrepsvinklar, og mellom høyringsrundane skal der vere innspelsmøte og bedriftsbesøk. Kunnskapen og synspunkta fløymer inn over departementet, men avgjerdene lar vente på seg.

Dei stadige høyringane med rader av ulike alternativ skal truleg framstå som langt framskride demokrati, men dei minner meir om avmakt. For medan sakene er på høyring, og ein jobbar med krevjande høyringsinnspel, lar statsråden seg dupere av lobby-framstøyt og stunt i media. Dette kunne ikkje bli meir tydeleg enn under høyringa av rullerande gjennomsnitts MTB, der svaret frå departementet vart ei ny høyring. Skremt av utspel om ukontrollert kapasitetsauke, valde ein å føreslå enno eit heilt nytt og uprøvd grep.

I staden for å lyse ut stadig nye høyringar, bør departementet heller bla i tidlegare innspel. Salmon Group åtvara om at sonedrift kom til å gje oppkonsentrering av stor fisk, med tilhøyrande velferdsproblem og smitteutfordringar. Det har vi fått. Det er resultatet av det kostbare arbeidet med å innføre utsettsoner. Salmon Group åtvara mot å omgjere 0,5 grensa for lus til ei maksgrense, fordi det ville gje auka behandlingspress og resistensproblematikk. Det har vi fått. Det er resultata av «strengare grense».

Det er viktig å forstå at skiljet går ikkje mellom strengt eller liberalt, men mellom effektivt og ikkje målretta. Slik sett var det viktig at ministeren denne veka presiserte at Mattilsynet vil vere strenge i si handheving av regelverket på lokalitetsnivå. Begynn med det, det vil heilt sikkert vere effektivt. Dessutan bør ein ta seg tid til å evaluere alle dei tiltaka som er innførte dei siste åra, og stille seg spørsmål om kvifor dei ikkje har fungert.

For om sonedrift er svaret, kvifor er ikkje område med slik drift utstillingsvindauge for ein god lusesituasjon? Næringa blir konfrontert med at vi ikkje er viljuge nok til å setje i verk tiltak, men situasjonen er den at vi rekke ikkje å få effekt av eit tiltak før den neste er ute på høyring. Og tiltak som ikkje fungerer, blir heller ikkje reverserte.

Havbruksmeldinga er lansert som den definitive kursen for næringa i lang tid framover. Men den høyringa som vart lansert i dag, inneheld tre gamle forslag i ei ny innpakking. Dette seier oss at havbrukspolitikken går i sirkel. Men om det er det som er meint med «føreseieleg» og «langsiktig», er det for så vidt rett nok, geometrisk sett…

Tekst: Øyvind Kråkås