Søk i arkivet

Salmon Blog: Er tida for felles løysingar over?

Norges Sjømatråd er til evaluering, og nokre meiner at rådet har utspelt si rolle. FHL har gjennomgått indre brytningar i fleire store saker. Er dei felles tiltaka på hell i norsk laksenæring?

Gjennom strukturendringar har oppdrettsnæringa blitt langt meir lagdelt dei siste åra, i hovudtrekk mellom dei største, børsnoterte aktørane, og dei mange andre. Heilintegrering av verdikjeda har endra strategiane både for konkurranse og marknadsføring.

Salmon Group er bygd over behovet for fellesskap i ein del store tiltak; felles innkjøp av betydelege innsatsfaktorar, felles IT-løysingar og felles politisk front. Samarbeidet garanterer ikkje berre for volum, men og for oppdaterte løysingar og slagkraftige tiltak. Nettverket har lagt vekt på å byggje bruer også til dei andre ledda i verdikjeda, gjennom handel og gjennom kunnskapsdeling og felles forståing. I dette arbeidet har felles plattformer som FHL, NSL og Sjømatrådet ei viktig rolle. Her kan frontane i næringa møtast til samråd, her kan næringa samla møte samfunn og marknad, her kan innspela frå omverda finne vegen attende til næringa.

Salmon Group meiner der ligg ein kompetanse i desse institusjonane som ein ikkje bør forkaste. Der ligg og ein infrastruktur som er bygd opp over mange år. Kunsten er å halde ein god kommunikasjon både ut til omverda og inn til næringa, slik at ein føle eigarskap og påverknadskraft til det arbeidet som vert gjort.

Sjølv om det reduserte talet på aktørar over tid vil endre rammene for ein del samarbeidsløysingar, er oppdrettsnæringa særprega av at ho driv ein spreidd produksjon. Anlegga er fordelte utover kyst og fjordar, og ulike selskap må leve som naboar. Dette krev evne til praktisk, driftsretta samarbeid. Koordinert arbeid mot lus og sjukdom er døme på slikt samarbeid.

Fiskehelsenettverka organiserer felles strategiar mot lus, men venteleg vil samarbeid og kome til å gjelde operasjonell innsats framover. Store einingar og nye typar handsaming krev tungt utstyr tilgjengeleg på eit beredskapsnivå. Heldigvis er der økonomi i næringa til å byggje opp denne beredskapen, men venteleg vil felles løysingar vere det mest tenlege og økonomiske.

Også i høve til nye krav til arbeidsbåtar og tilhøyrande personell, har næringa funne vegen gjennom samarbeid. Salmon Group tok initiativet til Norsk Maritimt Senter for Havbruk, NMSH, og fekk med seg organisasjonane FHL og NSL. Saman sikrar ein kompetanse om regelverk, og utdannar personell i høve til sertifikatkrava. Med dette byggjer ein kunnskap i næringa, og sikrar ei tilpassa utdanning.

Vi konkluderer med at tida slett ikkje er over for samarbeid og felles løysingar i laksenæringa. Men behova er i endring, og kunsten er å tilpasse seg endringane. Historia har vist at der alltid vil vere plass for dei tilpassingsdyktige, dei som forstår når ein må vere viljug til å satse åleine og når ein må gå inn i samarbeid. Begge deler krev uansett at nokon tek det første initiativet..

Les og:

Sjømatrådet har framleis ei rolle å spele

Tekst: Øyvind Kråkås