Søk i arkivet

Aktuelt

-Mattilsynet må få gjere jobben sin

ErikDei lokaleigde oppdrettarane i Salmon Group meiner at Mattilsynet no først og fremst treng å ha næringa med på laget i kampen mot lusa.

-Dette er ikkje eit spørsmål om meir pengar og tilsyn, dette handlar om at Mattilsynet må få lov til å gjere jobben sin. Alle må kjenne si besøkstid no, og ikkje trenere vedtak som kan hjelpe oss til å få bukt med ein vanskeleg situasjon, seier oppdrettar og styreformann i Salmon Group, Erik Osland.

Som Mattilsynet påpeikar overfor NRK, har mange vedtak som tilsynet har fatta blitt forseinka av klageprosessar. Dette meiner Osland er beklageleg.

-Vi føler at Mattilsynet er ein støttespelar, og vi handlar deretter. Omfattande juridiske prosessar er bortkasta ressursar og det seinkar arbeidet mot problema. Vi nyttar heller pengane på å utvikle nye metodar mot lusa, enn på advokatar, seier han.

Også dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland, meiner at handlekrafta no er viktigare enn overvakinga i arbeidet mot lakselus.

Michael og Nils Inge-Våre aktørar har sjefen sjølv på merdkanten, og det gjere dei i stand til å ta vanskelege avgjerder raskt. Kampen mot lusa er biologisk, og han må løysast med biologisk kløkt. Å skulle handtere dette juridisk og politisk tek for lang tid. Difor må næringa spele på lag med Mattilsynet, seier Hitland.

Tekst: Øyvind Kråkås