Søk i arkivet

Feil taktikk til feil tid

Arealutvalet sin rapport– Det næringa no treng, er nye og effektive tiltak mot lus, og ikkje ei omfattende deregulering, sier Øyvind Kråkås til bransjenettstaden Intrafish.

Salmon Group argumenterte hardt mot arealutvalet sin rapport då den var ute på høyring i 2011. I høyringsuttalen frå den gongen heiter det:

Salmon Group meiner at forslaget om oppretting av produksjonsområde er lite hensiktsmessig for å oppnå dei måla ein set seg for næringa si framtidige bærekraft. Derimot vil ein auke kostnadsnivået for oppdrettarane dramatisk, både med omstyn til nyetablering av anlegg og drifta av desse. Med dette vil ein sannsynlegvis presse fram ei dramatisk omstrukturering i næringa, som fort kan ende med eit fåtal aktørar med stor marknadsmakt og ein global eigarstruktur. Med å oppkonsentrere produksjon vil ein påføre eit auka smittepress i dei områda som til ei kvar tid er i drift. For smoltproduksjon og slakteristruktur vil situasjonen bli ei akutt underminering av dagens strukturar og lokalisering.

Etter at utvalet kom med sine forslag, har ein teke i bruk sonedrift i Hordaland, Rogaland og Trøndelag. Mykje ressursar har blitt lagt ned i å kaste om på driftsstrukturen. Likevel slite ein med eit sterkt smittepress både frå lus og sjukdom i desse fylka.

-Vi må kome opp med løysingar som har reell effekt, ikkje skrivebordsløysingar. Investeringane må rettast mot ikkje-medikamentelle metodar, vi må slutte å behandle med stoff som er utbrukte. Det er det som er viktig, og då kan vi ikkje setje i gang ei deregulering av heile næringa midt oppe i denne innsatsen, seier Øyvind Kråkås.