Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Agurksalat

I eit forsøk på å gjere alle til lags, har fiskeriministeren sett i sving nok ei konsesjonstildeling  som ingen er nøgde med. I tillegg har ho sikra ein galopperande diskusjon om lus i avisene si agurktid. Dette rotet kunne vore unngått, om ein evna å halde ting litt frå kvarandre. For kva er logikken i at lakselusa skal kompensere for mindre statlege tilbakeføringar til kommunane?

Kva er ein konsesjon for lakseoppdrett? Eit løyve til å ha ståande ei viss mengde laks i sjøen, underlagt dei til ei kvar tid gjeldande reglane for drifta. Dette kan høyrast enkelt ut, men utfordringa er at desse reglane endrast heile tida. Samstundes har løyva blitt stadig dyrare. Denne typen usikre rammevilkår er upopulære over alt i samfunnet. Eit eksempel er då styresmaktene ville pålegge særavgifter på bruk av dieselbilar, få år etter at dei same bilane vart haldne fram som meir miljøvenlege enn bensinbilar. Forslaget fall, det vart rett og slett for vinglete å styre privatbilismen slik.

Legitimiteten til å styre oppdrettsnæringa gjennom statlege konsesjonar har hatt ulike argument gjennom åra. I dag er det omsynet til miljøet som er sett fremst. At miljøkrava til næringa vert regulerte gjennom heilt andre regelverk enn konsesjonane, ser ikkje ut til å affektere politikarane. Utan synleg detaljkunnskap om lakseoppdrett eller laks generelt, tek dei stadig større mål av seg til å detaljstyre næringa. I dei to siste tildelingsrundane overkøyrer dei forskriftene mot lus.

Desse forskriftene er ikkje berre ei målsetnad for kor lite lus det bør vere i anlegga, men og ein strategi for korleis desse måla skal nåast. Ved å overstyre dette, endrar fiskeriministeren strategien. Sist strategien vart endra, medførte det auka mengde behandlingar, og auka resistensproblematikk. No går ein lenger i den same retninga, utan å ha evaluert effekten av eksisterande regime. Ingen av dei som styrer strategien, tek noko ansvar om den ikkje verkar. Næringa må rydde opp, seier dei.

For å dekke over det kontroversielle i denne skjerpinga av ein allereie sviktande strategi, fokuserer ministeren no på at det blir vekst, og at kommunane skal få pengar for denne veksten. Med dette set ho både næringa sine kritikarar og lokalpolitikane opp mot oss. Vil ein ha denne veksten, kvessar kritikarane knivane, vil ein ikkje ha han, har ein svikta heimkommunen sin. Dette skal trumfe næringa til å akseptere at det er politikarane i Oslo som har den beste strategien mot lakselus, sjølv om dei ikkje på noko tidspunkt vil ta ansvar for at strategien verkar.

Samstundes fyllest dei sommarslanke avisene med oppslag om lus. Utan at lesarane blir klokare av dette. Nokon trur lusa er farleg for folk. Andre trur det er den same lusa dei kan sjå på andre fiskeslag, som torsk og lyr. Mange trur at det var oppdrettsnæringa som kom med lakselusa. Nesten alle trur at lusesituasjonen er heilt ute av kontroll. Og ingen av dei som har det formelt overordna ansvaret står fram for å tydeleggjere korleis det ligge an. Næringa må ordne opp, det er næringa sitt problem.

Om situasjonen var ute av kontroll, burde desse som sit med ansvaret ha vurdert si rolle. Luseproblematikken er for alvorleg til å vere overlaten til media sin tribunal av sommarvikarar og sjølvoppnemnde sakkunnige. At enkelte forskarar nyttar sjansen til å legge til grunn sine personlege motiv og synsingar, har heller ikkje rydda i det.

Det einaste som bergar situasjonen er at næringa faktisk teke ansvaret. Ein held seg til dei valde strategiane, sjølv om dei ikkje er ideelle. Der byråkratar og politikarar har kortare sommararbeidsdagar og lange feriar, jobbar næringa gjennom heile sommaren for å nå dei måla som er sette. Den einaste grunnen til at det har gått an å føre ein so uføreseieleg politikk for havbruksnæringa, er at næringa sjølve har krumma nakken og gjort jobben, i gode og dårlege år. Det har sikra marknaden, det har gjeve utvikling.

Eg vil tilrå at fiskeriministeren tek med den forskrifta som no er ute på høyring på ferie, og legg den på grillen. Ta diskusjonen om lusegrenser som ein diskusjon om lusestrategi, ikkje som ei politisk balanseøving mellom næringa sin vekst, kritikarane sine krav og kommunane sine økonomiske behov. Det blir det berre rot av, og ein god salat for media å trakke rundt i. Og so eit råd til; besøk eit av våre visningsanlegg i sommar. Der kan det vere eit og anna å plukke opp, frå folk som faktisk har vore med og bekjempa lakselus.

Tekst: Øyvind Kråkås