Søk i arkivet

Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane lyser ut prosjektmidlar

Grøne konsesjonarDu kan søkje om delfinansiering av utviklingsprosjekt som vil bidra til å legge til rette for ei vidare berekraftig utvikling av akvakulturnæringa og/eller auke den lokale verdiskapinga basert på havbruksnæringa i fylket. Søknadsfrist er 1. oktober 2014.

Fondet vart oppretta i 2010 og er finansiert av midlar som vart overførte frå staten i samband konsesjonstildelinga for nye løyve til akvakultur i 2009. Fondet var i utgangspunktet på 11 mill. kr. Etter tildeling i 2012 og 2013, er kapitalen til fondet om lag 5 mill. kr.

Full utlysingstekst, søknadsmal og lenke til saka for oppretting av verdiskapingsfondet og fondet sine vedtekter finn du på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine sider. Søknadsfrist er 1. oktober. Tildelinga vil etter planen finne stad i møtet i hovudutvalet for plan og næring 25. november 2014.

Kven kan søkje?

Kommunar (gjerne samarbeidande), samarbeidande bedrifter, lag- og næringsorganisasjonar eller andre instansar i tett i samarbeid med næringsaktørar. Utviklingsprosjektet må ha forankring i relevante problemstillingar for oppdrettsbransjen.

For meir informasjon, kontakt

Lena Søderholm

fagkoordinator for havbruk og fiskeri

e-post: lena.soderholm@sfj.no

tlf.: 57 65 62 58/970 35 449