Søk i arkivet

Aktuelt

Luseeter sikrar kompetanse og arbeidsplassar

Berggylte– Berggylta er ein kresen hardhaus. Ikkje berre er den ein aggressiv jeger, den har også eit tjukt skinn og overlever ganske harde vintrar. Og den er kresen i matvegen: Den held seg til krepsdyr. Som lakselusa.

Det seier dagleg leiar av Havlandet Marin Yngel, Halvard Hovland til avisa Firdaposten. I kara attmed han svømmer kring 500 av dei i alt 1500 som skal bli stamfisken til alle dei 500.000 berggyltene som kvart år framover skal leverast til oppdrettsnæringa i regionen.

Det at den er så kresen er minst like viktig som at den er hardfør. E. Karstensen Fiskeoppdrett er blant dei oppdrettsbedriftene i landet som har nytta seg av leppefisk i kampen mot lakselus, heilt sidan 1976 då far til Nils Tore Karstensen, dagens eigar, prøvde det for første gong. Dei og Marøy Havbruk har dei siste to åra brukt strandlinje-naboen til berrgylta: rognkjeksen mot lakselus. Men erfaringane med rognkjeks er eintydig: Rognkjeksen et like godt laksefôr og småfisk som lus. Dermed blir den ikkje optimalt effektiv i lusekampen.

– Berggylta lever utelukkande av bitte små krepsdyr mellom taren i strandsona. Lakselusa er eit slikt krepsdyr, seier Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk.

Marøy Havbruk og E. Karstensen gjekk tidleg i år saman om å finne eit alternativ til rognkjeks. Det var to alternativ: Å bygge anlegg til å produsere berggylte sjølv, eller la nokon andre gjere det for dei. Valet fall på det andre alternativet, og i januar hadde dei det første møtet med Havlandet Marin Yngel.

– Vi har ikkje kompetanse på berggyltyngel. Produksjonen av berggylte er nesten lik produksjonen av torskeyngel. Og om det er nokon som har denne kompetansen, så er det Havlandet Marin Yngel, seier Tveit Sveen.

Fleire er betre, når det gjeld å fordele økonomisk risiko. No er dei difor i alt sju selskap som har gått saman om dette prospektet. Fredag vart Sunnfjord Rensefisk etablert.

– Vi ønskjer å drive med oppdrett også i framtida, sjølv om det kjem stadig strengare miljøkrav frå styresmaktene. Men det å fange vill berggylte er ikkje effektivt eller bra for bestanden. Denne løysinga er optimal, seier Nils Tore Karstensen.

Det er den også for Havlandet, som har sett seg om etter nye arbeidsområde etter at torskeoppdrettsnæringa svikta og ingen lenger etterspurte torskeyngel.

– Det hadde ikkje vore den aktiviteten her utan. Dette samarbeidet gjer at vi i Havlandet Marin Yngel kan bruke den kunnskapen og kompetansen vi har opparbeidd oss gjennom 14 år, og som er relevant også no, seier Hovland og presiserer at oppdrett av ein fisk som berre ein annan bedrift i Norge har kompetanse på, er alt anna enn plankekøyring.

– Det blir ein del prøving og feiling, men vi har fått god hjelp av Marine Harvest Labrus i Øygarden. Det er det einaste anlegget i Norge som i dag produserer berggylte. Og dei har lagt ned mykje arbeid og forsking i korleis dei best skal produsere mengder av ein fisk som er så kresen i matvegen som berggylta, seier Hovland.

Samarbeidet med Øygarden gjer at dei også er kjapt i gang med produksjonen. Med berggylte-larver derifrå, kan Havlandet Marin Yngel byrje produksjon allereie i august eller september. Til neste år reknar dei med å vere i gang for fullt.

I tillegg til E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk, er Flokenes Fiskefarm, Sandnes Fiskeoppdrett, Landøy Fiskeoppdrett, K. Strømmen Lakseoppdrett og Sulefisk med og investerer i Sunnfjord Rensefisk.

Les artikkel på Firdaposten.no

For Salmon Group: Øyvind Kråkås

Foto: David E. Antonsen, Firdaposten