Søk i arkivet

Ueinig i omtalen av “lakselotto”

Sigvald Rist-Vi er ikkje einige i Marine Harvest sine uttalar om “lakselotto” i tildelingsruden i 2009, sa Sigvald Rist i Lofotprodukt under Lofotseminaret.

Det årlege seminaret til Europharma har i år trakt om lag 120 menneske til Mortsund, midt i Noreg sitt ypperste kystlandskap. Med dei mektige fjella og havet som omgjevnader, samlast fiskehelsevitskapen, laksenæringa og andre interesserte til eit innhaldsrikt treff, eit steinkast frå Europharma sitt hovudkontor på Leknes.

Sigvald Rist, som har blitt ein svært respektert merkevarebyggar gjennom arbeidet med Lofotprodukt (mest kjende for reklamane “Hold i torsken” og dei fantastiske fiskeprodukta med den blå og kvite Lofoten-logoen), var mellom dei første innleiarane på seminaret. Han delte kunnskap om Lofotprodukt sin veg frå tradisjonell og lite synleg fiskeforedlingsverksemd til ein nasjonal banebrytar på design og produktsida.

Han nytta og høvet til å fortelje at Lofotprodukt var mellom dei som fekk tildelt ein konsesjon for laks i den mykje debatterte 2009-runden, då auka bearbeiding vart sett i høgsetet. Han sa at selskapet har hatt god nytte av denne eigne produksjonskapasiteten som dei driv saman med Nordlaks, og at han ikkje er einig i at denne tildelingsrunden var ein rein lotto som gjorde nokre få nessekongar rike, slik det framsto frå Marine Harvest i samband med NASF tidlegare i år.

Samstudes hadde hann forståing for at det må vere forpliktande å få tildelt kapasitet under særskilde villkår, og at ein ikkje bør kunne kaste seg rett rundt og selje den vidare. Salmon Group har tidlegare påpeika at der er svært få døme på at nokon selde vidare konsesjonar frå 2009 tildelinga til store aktørar, og at intensjonen om lokal verdiskaping og eigarskap totalt sett vart godt ivareteken gjennom denne tildelingsrunden. Eit glimrande døme på dette er Marø Havbruk som bygde eit nytt røykeri på Svanøy etter å ha fått tildelt eit nytt løyve.

Tekst: Øyvind Kråkås