Søk i arkivet

Skuffa over avgjerda om rullerande MTB

Salmon Group flaggSalmon Group vil tiltre Lerøy og Nordlaks sin skuffelse over at rullerande MTB no vert lagt bort, og at ein vel ein rein vekststrategi framfor å opne for ei ordning som ville ha gagna foredlingsindustrien og mange aktørar med ein låg produksjon i store delar av året.

At regjeringa har so lite tiltru til dei utrekningane dei sjølve la til grunn for høyringa, er både nedslåande og overraskande. Her er det tydeleg at ein har late seg presse, og vi er tvilande til om alternativet ein har valt vil bli til gagn for næringa.

I vår høyringsuttale la vi vekt på at mange mindre aktørar i dag slite med store konkurranseulemper som fylgje av dårleg MTB utnytting. Desse får ikkje henta inn noko av etterslepet med ein slik vekst som ein no konstruerer. Vi avventar no kva regjeringa ynskjer å gjere for å sikre eit mangfaldig eigarskap i næringa også i framtida.

Tekst: Øyvind Kråkås