Søk i arkivet

Sjøfrisk festivalsommar

Sommaren er godt i gang, og ei rekke festivalar står  for døra. Mange av dei er arrangerte eller støtta av laksenæringa.

Laksens dag20.-22. juni er det klart for Himmel & Hav i fiskebyen Florø. Fredag kan du gle deg over det tradisjonelle Sildebordet, hovudgata Strandgata vert dekka til festmåltid basert på fisken som grunnla byen.

Laurdag tek laksen over, for fjerde året på rad arrangerer den lokale laksenæringa Laksens Dag, med konsertar, reinsefiskutstilling og sjølvsagt rikeleg høve til å smake laks i alle variantar. Heile helga er stappa med musikk i regi av Florø Rockeklubb, og på den sagnsomsuste øya Kinn kan du sjå sogespelet “Songen ved det store djup”.

Les meir på Fjordkysten.no

Pål Anders Ullevålseter9.-13. juli er tida inne for dei som likar fart og spenning på sjøen,  Våt Moro i Florø går av stabelen for tredje gong. Arrangementet er basert på friviljuge sin innsats, og støtta av mellom andre Salmon Group og Norwell. Vår samarbeidspartner Pål Anders Ullevålseter kjem for å bidra til moroa.

Les meir på Våt Moro sine nettsider

 

 

 

Skjerjehamn 23.-26. juli, Utkant-festivalen. Rock og moro på laksekongen Ola Braanaas sitt gjestgjevari, Skjerjehamn. Besøk statua av folkekongen Olav V, opplev musikken og skjærgardsidyllen rundt den praktfulle og fullt restaurerte sveitservillaen. I år kjem mellom andre Sivert Høyem, CC Cowboys, Kari Bremnes, Lars Vaular og mange fleire.

Les meir på Utkant sine heimesider

 

22.-23. august, Periferi festivalen på Glesvær, vest for Bergen. Sotra Seafood er mellom støttespelarane. Og i år kjem countryrocklegenda Steve Earle, kjend for eviggrøne hits som “Guitar town” og “Copperhead road”. Steve EarleMotorpsycho, Ylvis og Real Ones er og mellom bidragsytarane.

Les meir på Periferi.no

 

Dett er berre nokre få av landets mange “fiskefestivalar” denne sommaren. Hald deg oppdatert på kva som skjer i ditt nærmiljø, og send gjerne inn bilete til Salmon Group frå dei ulike arrangementa!