Søk i arkivet

Sjå innslag frå tarehausting

tare1NRK har i fleire omgangar vitja Salmon Group sitt prosjekt Integrert Akvakultur. No har dei vore med under innhausting av tare.

Prosjektet Integrert Akvakultur har sidan 2009 jobba med å gjere taredyrking i samspel med lakseoppdrett til ei ny kystnæring. Den proteinrike taren veks raskare med gjødsling frå lakseproduksjonen, og på den måten utnyttar ein ressursane betre.

Forsøksfeltet som det hollandske selskapet Hortimare har sett ut ved Sulefisk sin lokalitet Fureholmen, vert i desse dagar hausta. Sjå NRK sitt innslag frå lokaliteten.

Tekst: Øyvind Kråkås