Søk i arkivet

Satsar på fagutdanning

Svein Åge HolstadSalmon Group ynskjer å styrkje formalkompetansen hos tilsette på oppdrettsanlegga. Frå hausten av tilbyr vi fagbrevretta kurs for røktarar i samarbeid med Folkeuniversitetet og Fusa VGS.

Kurset blir delvis nettbasert og med nokre samlingar, enkelte av dei ute på oppdrettsanlegg. Ein vender seg i fyrste omgang til tilsette i aksjonærbedriftene som har erfaring frå praktisk oppdrett. Målet er både å auke kunnskapen, og å kunne tilby formalkompetanse til personell med rike praktiske kunnskapar.

Kurset kjem i stand etter ein ide som tok form under Marint Vekstforum sitt møte om rekruttering i Florø i februar i år. Om du er interessert/har tilsette du ynskjer å melde på, kan du kontakte Øyvind Kråkås i Salmon Group. Formell påmelding vert opna i august.