Søk i arkivet

Salmon Blog: Blåblå rekning, grøn arv og raude tal

Strategien som regjeringa i går lanserte for vekst i lakseproduksjonen, syner at sjølv borgarlege politikarar trur at bedrifter kan betale bortimot kva som helst for å få lov til å produsere litt meir laks.

Det vart ein brå start på veka for mange då fiskeriministeren i går offentleggjorde planane for «den neste veksten» i lakseproduksjonen. Regjeringspartia lova vekst då dei var på frieri etter stemmer, og i likskap med den førre regjeringa valde dei å gjere det på ein særs intrikat måte. No skal veksten lenkast til lågare lusegrense og færre avlusingar. Like lågt som i gruppe C av dei grøne konsesjonane, gruppa som enno ikkje er utdelt.

Til liks med dei raudgrøne sin strategi, er det no lusekrav som skal fylgje tildelinga av nytt produksjonsvolum. Men der ein sist satsa på eigne miljøkonsesjonar, skal no alle lemmast inn i det tankesettet. Effekten av dei grøne konsesjonane er ikkje komen til overflata, faktisk er dei ikkje ein gong sette i drift. Men fiskeriministeren har tydeleg stor tru på resultata som vil kome, når ho lagar sitt program etter same mal.

Prisen på veksten blir 1,5 million kroner for ein tjugendeparts auke pr. MTB. Lett hovudrekning vil då seie at prisen tilsvarar 30 millionar for ein heil MTB. Men det blir ikkje rett, og til færre løyve du har å vekse på, til mindre rett blir det. Det er fisk ein leve av, ikkje prosent, og ein vekst i få tonn gir ikkje dei same synergiane som ein vekst med ein heil MTB. Du må ha 20 konsesjonar frå før for på få ein heil MTB med denne ordninga.

I tillegg til at ein skal betale 1,5 million kroner pr. 39 tonn ståande biomasse, vil veksten krevje andre investeringar. Og truleg svært risikoforbundne investeringar. For enno har ikkje nokon lagt fram ei driftsform som klarar å garantere for desse lusekriteria. Dette må belage seg på lite prøvd teknologi, venteleg den same teknologien som etter kvart skal prøvast gjennom grøne konsesjonar gruppe C, dersom den ordninga fungerer etter intensjonen. Dei løyva kostar 10 millionar, pluss investeringa i utstyr og ekstra oppfølging.

Faren er og stor for at ein del gjennomførte og pågåande de investeringar må avskrivast, fordi desse ikkje vil kunne levere i høve til rammevilkåra. Reinsefisk er eit av døma på slike. Det føregår no ei storstilt satsing på oppdrett og auka kunnskap om reinsefisk. Men det er tvilsamt om ein vil klare å halde snittet lågt nok med dette verkemiddelet. Det same gjeld for ei rekke meir eller mindre teknologiske løysingar som no er under utprøving.

Mest slåande er det kanskje likevel at dei grøne konsesjonane i gruppe A og B vil få skjerpa sine rammevilkår allereie etter eit utsett i drift, dersom dei skal få vere med på veksten. Med eit pennestrok går desse frå å vere «lysegrøne» til å vere ikkje grøne nok. Var det dette som var meint med føreseielege rammer?

Lusegrenser er ein biologisk diskusjon, den handlar om den miljømessige bærekrafta. Men for ei bedrift å løyse ut nye løyve frå staten, er ei økonomisk vurdering. Ein har ansvar for verdiar og arbeidsplassar. På eit samla økonomisk grunnlag, investering målt mot risiko, vil eg seie at den veksten regjeringa no tilbyr er eit dårleg tilbod for dei aller fleste i næringa.

Tekst: Øyvind Kråkås