Søk i arkivet

Lingalaks og Tombre sponsar friidrettsfestival

LingalaksHardanger Friidrettsfestival vert arrangert 5.-6. juli. Alle er velkomne til denne idrettsfesten. På laurdagskvelden vert det folkefest spandert av Lingalaks og Tombre. Då vert det m.a. gratiskonsert med Jørn Hoel, grilling av laks, eliteøveingar i friidrett m.m. På stemnet kjem den norske og svenske eliten i tresteg. Ei gruppe utøvarar frå Mosambik deltek i ulike øvingar. Sjå detaljar om stemnet nedanfor.

HARDANGER FRIIDRETTSFESTIVAL Strandebarm Idrettpark

Laurdag 5. juli kl. 12.00

G/J Rekrutt 60m, lengde

G/J 10 – 12 60m, 600 m, tresteg, høgde

G/J 13 – 18/19 100m, 800m, tresteg

G/J 13 – veteran Kule, diskos

G/J 20 – senior 100m, 800m, tresteg

 

Sundag 6. juli kl. 12.00

G/J 10 – 12 200m, lengde, kule

G/J 13 – 15 200m, høgde, lengde, spyd

G/J 16 – 18/19 200m, 3000m, lengde, høgde, spyd

G/J 20 – senior Lengde, høgde

G/J 20 – veteran 200m, 3000m, spyd

 

Påmelding:

Innan 30. juni 2014 elektronisk, via terminlista www.friidrett.no

 

Startkontingent:

Rekrutt – 14 år: kr 70,- pr øving

15 år – veteran: kr 90,- pr. øving

Konto: 3569.31.00885

NB: Påmelding etter fristen mot dobbel startkontingent dersom plass.

 

Premiering:

Medaljar til dei tre beste frå 11 år.

Premie til alle rekruttar (7-10 år)

Bestemannspremiar (4 stk. á kr. 2.000 / 6 stk. á kr.1.000)

Kontaktpersonar:

Johannes Skogseide Børsheim. Tlf: 924 30 998, epost: jborsheim58@hotmail.com

Sverre Sørnes. Tlf: 915 53 336, epost: svesor@msn.com

Overnatting: Strandebarm Sportell: 56551450

 

Vel møtt!