Søk i arkivet

Laks sikra ny gjestebrygge

Fanøya FanøyaGeir KarstensenFredag 6. juni var det liv og røre på Fanøya, senter i det populære og naturskjønne øyriket Batalden vest av Florø. Tilreisande båtfolk frå Florø og alle som kunne krype og gå av fastbuande og hyttefolk var samla for å innvie den nye gjestebrygga i Søre Fanøyvåg.

Dei seinare åra har stadig fleir båtturistar valt å besøke Fanøya. Hit kjem gjerne dei som trivst best utanom store marinaer med mange båtar og mykje folk. Det som lokkar er eit levande og intimt lokalsamfunn, med små vegar, lune vågar med hamnemiljø og variert busetnad, flott natur, turstiar i marka og ein heilt særeigen atmosfære. Like ved gjestebrygga og rutebåtkaia ligg Batalen Landhandel, lokalbutikken det går gjetord om. Meir triveleg og positiv betjening enn Siv og Jolanda skal ein reise langt for å finne make til. Den innhaldsrike butikken tilbyr det meste av varar, både mot skjørbuk og tørste. Batalden Landhandel har ein kafekrok inne og bord og benkar ute. Her er det naturleg å slå av ein prat med lokalfolket medan sola skin, barna et is og dei vaksne drikk kaffi.

Lokalt samfunnsansvar

Den lokale verksemda E. Karstensen Fiskeoppdrett har base i Batalden og veit å sette pris på kvalitetane ved øysamfunnet. Brørne Geir og Nils Tore Karstensen driv lakseoppdrettet godt og har som målsetting å føre noko av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Dei står bak den 22 meter lange nye gjestebrygga i betong og har fullfinansiert brygge, landgang, fortøyingsarrangement og montering. ”Vi har hatt god drift ved anlegget og det har vore høge lakseprisar siste året. Derfor synast vi det er naturleg å bidra lokalt med noko som kjem øysamfunnet til gode” seier dei to Karstensen-brørne.

Anders Norstrand er leiar i Batalden grendalag. Det aktive grendalaget arbeider for at folk skal trivast på Fanøy og i Batalden. ”Det er utruleg flott at vi har ei slik bedrift som E. Karstensen fiskeoppdrett her i Batalden” seier Anders. ”Meir hjelpsame karar skal ein leite lenge etter. At dei no har bidrege med ny gjestebrygge er berre heilt fantastisk.”

Heilskap er viktig

Karstensen-brørne sitt lokale engasjement skuldast evna til å sjå heilskap. Den nye gjestebrygga vil skape grunnlag for meir omsetnad for butikken og soleis trygge lokalsamfunnet. Fanøy og Batalden vil også få auka fokus som turistdestinasjon, og det vil igjen føre til betra passasjergrunnlag for rutebåtane. Grunneigar Svein Langøy er oppvakse på Fanøya og har teke godt vare på barndomsheimen sin. Har han gjeve fritt løyve til anlegg av gjestebrygga på sin grunn, også eit flott bidrag til lokalsamfunnet.

Alle er velkomne

Gjestebrygga på Fanøya er sjølvbetjent og har plass til opptil åtte båtar av moderat storleik. Karstensen-brørne, Batalden Landhandel, grendalaget og heile lokalsamfunnet ønskjer båtfolket velkomne til Fanøya, anten det er utanlandske seglbåtar på langtur eller hurtiggåande cruisarar som svingar innom. «Vi lovar å ta godt vare på alle som dukkar opp», seiar Siv og Jolanda på butikken. Legg gjerne turen innom Fanøya til sommaren, du vil ikkje angre på det.

Tekst: Trond Strømgren