Søk i arkivet

Engesund og Sulefisk får grøne løyve

Engesund VisningssenterFiskeridirektoratet har i ettermiddag offentleggjort lista over tildelte løyve i gruppe C. To av Salmon Group sine aksjonærar er tildelte grøne løyve.

Selskapa Engesund Fiskeoppdrett frå Fitjar og Sulefisk frå Solund har fått tildelt kvar sitt løyve i gruppe C. Totalt vart det delt ut 10 løyve i denne gruppa, der 122 aktørar søkte.

I denne gruppa vert det ikkje kravd innløysing av eksisterande løyve, men søkjaren må forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga

•gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming, eller

•sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus

Les sak på Fiskeridirektoratet.no

Tekst: Øyvind Kråkås