Søk i arkivet

CO2Bio- klare for algedyrking neste år

Technology Centre MongstadCO2Bio AS, selskapet som skal dyrke algar for bruk i fiskefôr ved TCM på Mongstad, er klare til å setje i gang bygginga av pilotreaktoren. Salmon Group er ein av eigarane i selskapet.

I fleire år har partnarar frå havbruksnæringa, forskingsmiljø og det offentlege jobba saman for å utvikle dyrking av mikroalgar som eit substitutt til fiskeolje i fôret til laksen. Dyrkinga skal i forskingsfasen føregå ved TCM på Mongstad, eit anlegg som er mest kjent for forskinga på CO2 fangst frå industrien.

Med sollys og tilførsle av CO2 vil algane vokse gjennom fotosyntese. Dette gjere CO2 til eit nyttig produkt i staden for eit klimaøydeleggande avfall. Algane er rike på omega 3, og eignar seg difor som ingrediens i fiskefôret.

I revidert nasjonalbudsjett har partia Høgre, Frp, Venstre og Krf vorte samde av å løyve 6 millionar kroner til utbygginga av pilotanlegget for algedyrkinga. Frå før har laksenæringa, kommunane i Nordhordland, Hordaland Fylkeskommune og FHF gått inn med 6  millionar og.

– Utrulig gledeleg. Vi har jobba lenge for dette, seier Svein M. Nordvik, dagleg leiar CO2Bio.

Nordvik er også dagleg leiar i Nordhordland Handtverk og Industrilag, som eig i selskapet saman med Bergen Teknologioverføring (BTO), Ewos, Grieg Seafood og Salmon Group. Uni Research og Universitetet i Bergen er tungt inne på forskningssiden.

Tekst: Øyvind Kråkås