Søk i arkivet

Aktuelt

Takka Svein Åge Holstad for innsatsen i styret

Svein Åge og ErikSvein Åge Holstad har gjort teneste i styret i Salmon Group like sidan stiftinga, men takka for seg under generalforsamlinga torsdag. 

Svein Åge er ein vyrd og vidgjeten setjefiskprodusent, og leiar til dagleg Gjølanger Settefisk i Sunnfjord. Han er høgt kompetent på dette feltet, og under NASF i 2013 vart han premiert som landets beste oppdrettar i ferskvatn.

I tillegg til arbeidet i næringa, er Svein Åge ein sprek idrettsmann. Han går i mark og fjell, og saman med sønene er han aktiv i vektlyftargruppa i Dale Idrettslag.

Svein Åge Holstad var årets setjefisksjef!

Hentar styrke gjennom laksen

Tekst: Øyvind Kråkås